Eg, ein avhoppar
Toralf Rutledal, master i historie
Main content
Det må ha vore ein søndag i april.
Det var knappe tre månader til eg var ferdig med masteren i historie («Konflikt og konsensus – samarbeid i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon 1975–2005»), då eg fekk ein e-post frå ein dansk kamerat, som bestod av ei lenke og spørsmålet: «Er dette noget?» Lenka leidde til ei utlysing på nettsidene til den norske ambassaden i Washington, D.C., for stillinga som drifts- og vedlikehaldsansvarleg. På lista over ønska kvalifikasjonar stod det fint lite om mastergrad i nyare norsk fiskeriforvaltingshistorie, som var det eg stod klar med i neven.
Peter, min danske kamerat, hadde sendt dette til meg på spøk. Det er jo knappast ein vanleg yrkesveg for ein blodfersk historikar, men av uforståelege årsaker hadde eg berre nokre timar seinare sendt av garde ein søknad. Av endå meir uforståelege årsaker fekk eg etter nokre månader tilbod om jobben.
Eg tenkte meg grundig om – minst i ein halvtime – før eg takka ja. Og med det vart eg pensa over frå ein ganske så tradisjonell karriereveg, til noko nytt og ukjent.
Måla mine for utdanning og jobb hadde lenge vore klare. Det var å ta ei mastergrad med pedagogikk på toppen, og bli lærar med ein fagkrets eg brann for. Jobbtilbodet frå Washington var mildt sagt ikkje med i denne planen. Likevel takka eg ja, og med det kasta eg loss frå eit relativt tradisjonelt og trygt karriereløp.
Jobben på ambassaden var krevjande, men gjevande. Arbeidsoppgåvene spente frå å ha kontakt med Secret Service, til å trå til om ein «diplomatisk episode» hadde forårsaka tilstopping i eit klosett. Eg hugsar ekstra godt då eg vart kåra til «Årets akademikar» på julebordet på ambassaden, for det var ikkje berre mine med-historikarar som reagerte på kvalifikasjonane mine for jobben. Men det gjekk godt.
I dag – knappe ni år etter e-posten frå min danske kamerat – er eg attende i Bergen. I mellomtida møtte eg kona mi, flytta attende over Atlanterhavet, gjekk Norge på langs, fekk informasjonsjobb i Vegvesenet som leidde meg vidare til fire år i kommunikasjonsbyrå, til omsider fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar i Tryg Forsikring.
Det har gått betre med meg sidan den famøse søndagen enn eg frykta den gong. Medan eg avanserte på jobbmarknaden gjekk det gradvis opp for meg at det eg hadde tileigna meg undervegs i historiestudia mine var meir nyttig og verdifullt enn eg hadde sett føre meg.
Kunnskapar om kjeldekritikk, analytiske evner og interesse for samfunnet har tent meg godt undervegs – både i utarbeidinga av kommunikasjonsstrategiar så vel som i å problemsøke diplomatiske episodar. Arbeidsgjevarar har vore meir opne for å tilsette meg med historikar-utdanninga mi enn eg hadde drøymt om, og eg veit at dørene er opne for fleire med liknande bakgrunn.
Og alle lunsjbord – uansett kvar i arbeidslivet ein finn dei – har godt av å ha ein historikar for å sjå til at drøset held seg innanfor det fagleg akseptable.