Digitaliserer sudansk fjernsynshistorie
Dokumentar presenterer samarbeidsprosjektet mellom UiB og Sudan som skal redde fjernsynsarkivet til sudansk rikskringkasting.
Digitizing Sudan’s television archive
Main content
Universitetet i Bergen og Informasjonsdepartementet i Sudan skreiv i oktober 2013 under ein samarbeidsavtale for digitalisering av fjernsynsarkiva til sudansk rikskringkasting (SNBC). Universitetet i Bergen har fått leiarskap for prosjekt som skal vare i tre år.
Frederique Cifuentes Morgan, ein internasjonal filmskapar, har laga ein kort dokumentarfilm om prosjektet.
Verdifullt digitalt arkiv
– Dersom vi ikkje reddar dette er arkivet, kjem det til å gå tapt, fortel prosjektleiar Anders Bjørkelo, som er ekspert på Sudan og professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).
I dokumentaren fortel han at ein reddar viktige kjelder for framtida og at kopiar av interessante videoar vil bli sendt til Bergen og bli inkludert i dei eksisterande kjeldesamlingane om Sudan ved universitetet. Arkivet vil vere tilgjengelege for studentar, forskarar og relevante søkarar.
Skjulte arkivskattar
Materialet ved Sudan TV er omfattande og i arkivet er det estimert at det fins om lag 6000 filmrullar og 50 000 filmar i ulike format frå perioden 1949 til 1996, men det er lite informasjon og metadata om innhaldet på desse filmane.
– Ein kan ikkje førestelle seg alt som er der, fortel Bjørkelo, og legg til at ein likevel veit litt om kva som eksisterer i arkivet, som til dømes opptak frå kroningsferda til Elisabeth II då ho besøkte Afrika og forskjellige filmar frå 1940- og 1950-talet.