Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny publikasjon

Noregs fiskeri- og kysthistorie samla i fem band

Storverket «Norges fiskeri- og kysthistorie» vart lansert 19. august under opninga av fiskerimessa Nor-Fishing.

Fiskebåt på røft hav
Fembandsverket «Norges fiskeri- og kysthistorie» er eit heilskapleg historieframstillinga om fiskeria, kysten og kystsamfunna i Noreg.
Photo:
Fagbokforlaget

Main content

Kysten og livet langs denne er sentral i norsk historie, men har til no mangla ei heilskapleg historieframstilling. Tysdag 19. august vart bokverket Norges fiskeri- og kysthistorie lansert i fem band under opninga av fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim, der mellom anna Dronning Sonja var til stades.

Verket er ei historie om fiskeria, kysten og kystsamfunna i Noreg. Første band tar føre seg historie fram til 1720, medan band 2 fokuserer på perioden 1720–1880 og ekspansjon i eksportfiskeria. Band 3 omhandlar fiskeria under industrialiseringa 1880–1970, og band 4 går gjennom perioden frå 1970 fram til i dag. Femte og siste band ser på historia til norsk oppdrettsnæring.

Leiar for prosjektet, redaktør for band 3 og hovudredaktør for band 1–4 har vore Nils Kolle, førsteamanuensis i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) ved UiB.


Bokverket har til saman 25 forfattarar og alle fem banda er rike på tekst, fotografi og illustrasjonar. Norges fiskeri- og kysthistorie er gjeve ut på Fagbokforlaget.

Bokverket har vore finansiert gjennom forskingsprosjektet Norges fiskeri- og kysthistorie. Prosjektet er eit samarbeid mellom universiteta i Bergen, Nordland og Tromsø, Høgskulen i Volda og Museum Vest. Andre samarbeidspartnarar er Fiskeri- og kystdepartementet, Norges Fiskarlag og Kontaktrådet for fiskeri- og kystmuseer.