Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Universitetsliv

Verneplanen for Nygårdshøyden er klar

Ein tredjedel av bygga ved UiB skal fredast. Det statlege kulturminnevernet vekkjer oppsikt, sa riksantikvar Jørn Holme då han besøkte UiB for å feira verneplanen som no er klar.

knut Fægris hus
Knut Fægris hus er eitt bygga som vert freda ved UiB. Huset er i historisme-stil, mellom anna med inspirasjon frå italiensk renessanse og jugend-stilen.
Photo:
Jan Kåre Wilhelmsen

Main content

De naturhistoriske samlinger, Realfagsbygget og Universitetsbiblioteket er nokre av bygga Riksantikvaren fredar. Bygningsmassa til dei 33 bygga utgjer litt meir enn ein tredjedel av UiBs totalt 377 000 kvadratmeter. 

Onsdag 22. oktober besøkte riksantikvar Jørn Holme UiB for å markera at verneplanen for Nygårdshøyden no er klar.

– Vårt statlige kulturminnevern vekker oppsikt, også internasjonalt, sa Jørn Holme til På Høyden, UiB si uavhengige avis.

Bygga som er freda er valde ut med utgangspunkt i eit historisk perspektiv - bygg som er viktige uttrykk for sin tidsepoke er prioriterte. 

– Sidan det stort sett er eksteriøret som vert freda, ser vi ikkje at dette kjem i konflikt med planlagt innvendig restaureringsarbeid, sa Kjell Bernstrøm, konstituert universitetsdirektør ved UiB i sommar.