Home
Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Fordjup deg i formidling etter mastergraden

Formidling av historie, forsking og fag er sentralt i nytt AHKR-emne for deg som er ferdig med mastergraden.

Førsteamanuesis blar i ei bok medan han ser deg. Han sit på eit kontor og i bakgrunnen er det bøker i hyller.
– Målet med emnet er at studentane skal bli betre og meir poengerte formidlarar og betre på å skrive populærvitskapleg, fortel emneansvarleg Christian Sæle.
Photo:
Magnus Halsnes

Main content

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) tilbyr våren eit nytt emne for deg som har fullført mastergraden ved instituttet: AHKR392 Historieformidling etter mastergrad. Emnet rettar seg mot kandidatar frå alle fem masterprogramma ved instituttet.

– Studentane skal få trening i å formidle resultat frå forsking til eit breiare publikum. Det gjeld å tenke det faglege inn i ein annan kontekst. Det er ein skilnad på å formidle og å skrive akademisk, fortel førsteamanuensis i historie og emneansvarleg Christian Sæle.

– Vi oppretta emnet fordi vi såg det var eit behov for det. Mange av studentane våre kjem til å jobbe med formidling og vi ynskjer å legge betre til rette for å hjelpe dei ut i arbeidsmarknaden.

AHKR392 er i praksis det same emnet som HIS308 Historieformidling som blir tilbydd som ein del av mastergraden i historie, men er ope for alle med mastergrad frå AHKR.

– Det er mange som ynskjer å ta emnet etter dei er ferdige. Det er ofte når ein er ferdig med mastergraden ein starte å tenke på jobb og ser behovet for eit slikt emne tydlegare. Ein har òg fleire forskingsresultat å formidle etter mastergraden, og det vil vere naturleg for dei å ta utgangspunkt i masteroppgåva.

– Betre og meir poengterte formidlarar

Emnet er lagt opp til ei mappevurdering der ein skal ha tre tekstar, men Sæle påpeikar at emnet er svært fleksibelt når det kjem til gjennomføring. To av desse skal vere formidlingstekstar i vid forstand der ein skal formidle eit innhald. Den siste teksten skal vere ein analyse av ein case der historie blir formidla i ei eller anna form, som til dømes gjennom filmar, bøker eller i ei museumsutstilling.

– Emnet skal opne for at studentar skal kunne bruke kreativitet sin og tenke formidling. I samråd med emneansvarleg kan dei få lov til ganske mykje forskjellig, so lenge det kan bli dokumentert. På HIS308 var det i fjor fleire som lagde radioprogram medan ein annan lagde ein nettstad med tekstar og filmsnuttar. Elles er det mange som vel å skrive kronikkar og populærvitskaplege artiklar.

Sæle trekk fram at studentane produserer mange gode tekstar og oppmodar dei til å publisere tekstane frå emnet, gjerne i forskjellige aviser og tidsskrift.

– Målet er at studentane blir betre og meir poengerte formidlarar etter fullført emne og at dei er betre på å skrive populærvitskapleg. Ein skal lære at historieformidling kan føregå på mange forskjellige måtar og i mange ulike samanhengar. Vonleg oppdagar dei òg noko dei har lyst å arbeide vidare med, avsluttar Sæle.

Lærerikt postmasteremne

AHKR392 er det andre postmasteremnet som blir tilbydd ved AHKR. I haust gjekk AHKR391, der ein kunne fordjupe seg i forsking med fokus på akademiske artiklar, vitskapleg publisering og stipendiatsøknadar. Ahl Vegard Nilsen tok emnet etter han leverte mastergraden i historie i vår:

– Vi fekk eit nærmare innblikk i korleis tidsskrift opererte, kva dei såg etter, kva ein ikkje burde gjere, og so vidare. Vi kommenterte kvarandre sine artikkelutkast gjennom semesteret og øvde på å halde ein presentasjon basert på masteroppgåva. Innsikta som emneansvarleg delte om prosessane kring vitskapleg publisering og søknadsprosessen til doktorgraden var veldig nyttige for meg. Vi utforma søknadsskisser som emneansvarleg gav tilbakemelding på.

– Sidan publiseringsfokuset frå universitetet er slik det er, so meiner eg at dette emnet er svært fornuftig  med tanke på å førebu potensielle ph.d.-kandidatar for vitskapleg publisering.  Dette emnet  kan hjelpe til med å gjere innhaldet i masteroppgåvene om til eit meir tilgjengeleg format. Mastergradane vi som studentar har produsert, kan vere veldige gode, men dei kjem nok ikkje til å få mange lesarar utanom dei spesielt interessert, avsluttar Nilsen.