Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Heiderspris

Medisinstudentane heidrar Arvid Nilsen

Mangeårig nestor ved hudavdelinga og nyleg pensjonist, professor Arvid Nilsen, har fått den første heidersprisen frå Medisinsk fagutval.

Main content

Hendinga fann stad då Arvid Nilsen, professor og nyleg pensjonist, vitja det siste møtet for året i Medisinsk fagutval (MFU). Nilsen er den første som får denne nye heidersprisen frå MFU.

Særskild innsats for trivsel og læringsmiljø

Grunngjevinga for prisen er samansett. Arvid Nilsen har hatt emneansvar for undervisninga i hudfaget i ei rekkje år, og han har fått gjennomgåande gode evalueringar frå studentane. Han har kombinert interessante forelesingar med praktiske bruksmåtar i form av studentpoliklinikkar.

Nilsen sin sans for humor og bruk av fagleg relevante anekdoter i undervisninga er berre eitt av mange skotsmål som vitnar om ein måte å formidle på som er med å skape trivsel og eit godt læringsmiljø på hudavdelinga. Fagutvalet ser med vemod på at studentane ikkje lenger vil få glede av undervisninga til Arvid Nilsen, og han får prisen som ein takk for den særskilde innsatsen han har gjort for læringsmiljøet ved medisinstudiet. 

Vandrepokal til travel pensjonist

Nilsen blei også tildelt ein vandrepokal som årets kliniske forelesar. Studentar på alle kull har vore med å stemme han fram til denne sigeren. Vanlegvis skjer denne tildelinga på fagkritisk dag, men sidan Arvid Nilsen har vore travel i sitt nye pensjonistliv, kunne pokalen først verte overrekt på møtet.