Home
Education

Psykologi: Fascinert av hjernen

Yun Einar blei lokka inn på psykologistudiet av å kunne studere det mest kompliserte objektet i universet.

Main content

Eg er interessert i forbruk, og ville vite med tryggleik at folk ikkje lid av å forbruke mindre

– Psykologi handlar om å forstå menneske, og forstå kvifor vi tenker det vi tenker. Psykologi er rett og slett det som folk liker å snakke om rundt middagsbordet.

Det var imidlertid ikkje fleire samtaletema rundt middagsbordet som lokka Yun Einar til psykologistudiet.

– Eg hugsar at eg leste ein plass at hjernen er det mest kompliserte objektet i universet. Då tenkte eg at det er jo ei saftig utfordring å bryne seg på, seier han.

I tillegg hadde Yun Einar nokre politiske spørsmål han ville ha svar på.

– Eg er interessert i forbruk, og ville vite med tryggleik at folk ikkje lid av å forbruke mindre. Eg har fått fleire svar, men eg vil studere i tre og eit halvt år til for å få endå fleire svar.  

Kristne hjernehalvdelar?

Yun Einar er på sitt tredje semester på psykologi, og gjennom studietida har han fått flere augneopnarar.

– Kanskje det eg hugsar best frå undervisninga hittil er forskning på pasientar som får forbindingane mellom dei to hjernehalvdelane kutta. Resultatet av forskninga kan tyde på at man har to personar i hodet – fordi forskaren spurde kvar av dei to hjernehalvdelane om dei trudde på gud, og han fekk to forskjellige svar avhengig av hvilken hjernehalvdel han spurde, seier han.

Lærar av kvarandre

Den 24 år gamle sørlendingen liker undervisningsformane som blir brukt på psykologiutdanninga.

– Vi har ein del seminarundervisning, som er ein veldig kjekk måte å jobbe på. Du blir endå meir motivert til å jobbe med stoffet når du må forklare pensumet saman med andre. Då får mitt arbeid – eller mangel på arbeid – konsekvensar for fleire enn berre meg.

Kva Yun Einar skal bruke det han lærer på psykologi til, veit han framleis ikkje enno. Men det er mange moglegheiter.

 

– Eg har lyst til å forstå meir, det er derfor eg studerer. Når eg har forstått nok, vil eg for eksempel undervise i dette, eller drive med terapi. Eller kanskje bli forskar.