Home
Education

Samanliknande politikk: Fordjuper seg i interessene sine

Russland og Den arabiske våren interesserer Robin Gulseth spesielt. På samanliknande politikk får han moglegheit til å fordjupe seg i interessene sine.

Main content

Det er spennande å studere eit fag der pensumet skjer mens vi ser på.

Berre dei siste tre åra har det skjedd svært mykje i verda. Regimer har falle og land har blitt invaderte. På samanliknande politikk, eller sam.pol. som dei sjølv kallar det, lærer studentane om nettopp dette. 

– Sam.pol. er rett og slett eit fantastisk studium. For meg, som er veldig samfunnsinteressert er det eit utruleg givande fag, seier han. 

Skal vi tru Robin er det ikkje berre det faglege som er givande.

– Kanskje det beste med sam.pol. er menneska du studerer saman med. Det er skikkeleg kult å treffe folk som har dei same interessene som deg sjølv, som er engasjerte, og som er opptekne av å skape eit godt miljø rundt seg. 

 

Russisk og arabisk politikk

Robin interesserer seg særskilt for problemstillingar knytt til nordområda, Russland og arabisk politikk. 

– Russisk politikk liknar ikkje noko anna, derfor er det spesielt interessant. Det er eit samfunn som har hatt ei heilt eiga utvikling, og i tillegg ligg veldig nærme oss geografisk.

– I tillegg har eg teke nokre historiefag om arabisk politikk, som også har vore veldig interessante. Den arabiske våren skjedde jo for berre nokre år sidan, og på sett og vis held han fram enno. Det er spennande å studere eit fag der pensumet skjer mens vi ser på, kvar dag, fortel han engasjert. 

 

Praksis med ansvar

Når vi snakkar med 22-åringen Robin har han nettopp blitt ferdig med eit praksisopphald hos selskapet Business Region Bergen. På samanliknande politikk får nemleg studentane mogelegheit til å ta praksis i ein bedrift gjennom eit heilt semester av studiet, som eit vanleg emne.

– Eg fekk i oppgåve å lage ei undersøking der vi skulle måle effekten av nyetablerte bedrifter i Bergen på kva verdiar som har blitt skapt. I samband med dette prosjektet  fekk eg god bruk for mykje av den kunnskapen eg har tileigna meg så langt i studiet.