Home
The Centre for Science Education

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nye kursrekker våren 2016

Nøkler til naturfag

Nøkler til naturfag er et program med tre kursdager, med utprøving av undervisning mellom dagane. Naturfagsenteret har utvikla kursrekken, som går over heile landet i tre år. På Vestlandet samarbeidar Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen om å tilby kursa.

Lærere på kurs prøver ut kjemiforsøk
Aktive og utforskende arbeidsmåter på kurset - fra kursdag 1 på Stord, hausten 2014
Photo:
Frede Thorsheim

Etterutdanninga er ein del av ein nasjonal dugnad koordinert av Naturfagsenteret. Kursa er basert på programmet ’Forskerføtter og leserøtter’, med stor vekt på utforskande aktivitetar integrert med grunnleggande ferdigheitar. Skular som er med gjennomfører eit systematisk oppbygd undervisningsprogram. Meir informasjon finn du på Naturfagsenteret sine sider Nøkler til naturfag.

Innhold
Undervisninga er tverrfagleg. Hovudvekta er på norsk og naturfag, men fleire fag og alle grunnleggande ferdigheitar er med. Programmet lærarane skal gjennomføre er ganske nøye fastlagt og detaljert beskrive. Rettleiingar ligg på nettet. Kursdagane blir praktiske, med fokus på gjennomføring av undervisningsprogrammet. I starten blir det instruksjon og øving, etter kvart meir diskusjon, erfaringsdeling og introduksjon av nye programområde. 

Organisering
I løpet av eit semester gjennomfører lærarane på trinnet 20 timar undervisning, støtta av tre kursdagar. Det blir også tilbod om ei nettverkssamling per semester for dei som har gjennomført etterutdanninga.

Utstyrskasse
Skular som deltek må påregne utgifter til materiell. Det er utvikla ei utstyrsliste for dei som ynskjer å kjøpe materiellet sjølve, eller skulen kan kjøpe ein ferdig boks frå Naturfagsenteret som kostar kr. 2.000.

 

Komande kurs

I siste halvår 2015 er det planlagd kurs i Bergen, Sogn og Fjell

Kursa vil gå desse datoane: 

Sogn:            04.01 - 03.03 - 08.04      Kursside    

Fjell               29.02 - 11.04 - 02.06      Kursside    

Bergen:          18.01 - 14.03 - 09.02     Kursside

 

Legg merke til at kursa i Stavanger startar i juni, og at kurset i Odda har siste kursdag i februar 2016.