No får du ny e-postadresse
Frå 12. mars vert e-postane til alle tilsette ved UiB kortare og enklare. Forkortingane til einingar eller avdelingar vert fjerna.

Main content
Endringane vert gjort for å forenkla og tilpassa UiB sitt e-postsystem til nye og betre tenester. Mellom anna skal UiB få ein tydelegare profilering ved at alle e-postadresser sluttar på uib.no.
Skiftet gjer det også enklare når einingar skifter namn eller tilsette skifter stilling internt. Det vert også enklare å formidla e-postadressene; veit du namnet på ein person veit du også kva e-postadresse personen har. Alle e-postadresser skal byggjast rundt malen førenamn.etternamn@uib.no.
Enklare å kommunisere
– Kompleksiteten i e-postsystemet vårt har auka. Difor går vi over til kortare og enklare e-postadresser. Det vert enklare å kommunisere med UiB, seier IT-direktør Tore Burheim.
Les meir på IT-avdelingen sin wiki.
Dei tilsette i sentraladministrasjonen gjekk over til dei forkorta e-postane i desember.
– Overgangen der har gått problemfritt, seier IT-direktøren.
Gamle adresser lever i ti år
Endringane gjeld kun personar. E-postadresser som går til heile avdelingar eller einingar vil framleis ha namnet på einingen eller avdelingen i seg, til dømes post@eining.uib.no.
Dei gamle e-postadressene vil kunna motta e-post i ti år framover. Det er med andre ord lite fare for at ein ikkje får den e-posten ein skal ha.
Overgangen til nye adresser vil knapt merkast av dei tilsette, seier Burheim.
– Ein kan bruka e-post slik ein alltid har gjort, seier han.