Home
Department of Administration and Organization Theory

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Studietur til Berlin

Fagutvalet ved Administrasjon og Organisasjonsvitskap arrangerte studietur for alle bachelor-, master- og årsstudentar i februar. Turen gjekk til Berlin der deltakarane på turen fekk ta del i eit rikhaldeg fagleg såvel som sosialt arrangement.

Gruppebilde av studentar på studietur
Studietur til Berlin
Photo:
Vilde Tøfte Øvstetun

 

Søndag 22. Februar reiste 15 studentar til Berlin. Den første dagen vart brukt på å komme i orden på hostellet, og på kvelden var det duka for turens første fellesmiddag - på ein italiensk restaurant.

 

Måndag hadde Fagutvalet lagt opp til at alle kunne bruke som dei sjølve ville. Mange reiste på shopping, andre på byvandring og museum. På kvelden var det fellesmiddag, denne gongen på ein indisk restaurant.

 

Tysdagen var full med faglege arrangement. Først gikk turen for å sjå Holocaust-minnesmerket. Deretter reiste studentane på Riksdagen, der dei fekk eit godt føredrag og til slutt ei omvising. Etter Riksdagen gikk turen vidare til DDR-museet. Også denne dagen vart avslutta med fellesmiddag.

 

Onsdagen vart også brukt slik deltakarane sjølve ynskte, men det vart lagt opp til at dei som ikkje hadde vore i Sachsenhausen før kunne reise dit. Om lag halvparten av deltakarane nytta seg av dette tilbodet. Denne turen tok om lag 7 timar. Dagen blei avslutta med fellesmiddag der alle blei samla att.

 

Torsdagen hadde fagutvalet lagt opp til ein heildagstur til Universitetet i Potsdam. Studentane fylgde eit fagleg opplegg med føredrag, informasjon og omvising på universitetet. Her møtte dei professorar og tilsette ved samarbeidsinstituttet til adm.org. Studentane fekk mykje informasjon om masterutvekslinga som Universitetet i Potsdam tilbyr studentar ved masterprogrammet i Administrasjon og organisasjonsvitskap. Etter besøket ved Potsdam reiste studentane inn til byen der dei deltok på sightseeing og middag.

 

Fredagen besøkte studentane Den Norske Ambassaden. Her fekk dei omvising og føredrag om arbeidet mellom Noreg og Tyskland, innføring i litt historie og fekk stille spørsmål om det dei måtte lure på. På kvelden var det fellesmiddag. Nokre av deltakarane reiste heim denne dagen.

 

Laurdagen fekk også folk bruke som dei ville, ettersom det var den siste heile dagen i byen. Mange valde å reise på fotballkamp på ettermiddagen, der dei såg Hertha Berlin mot Augsburg. På kvelden hadde studentane ein siste fellesmiddag.

 

Søndag 1. mars var heimreisedag.