Home
The Centre for Science Education

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Kursrekke i Hardanger september 2015 - februar 2016

Nøklar til naturfag Odda høsten 2015

Kurset har tre kursdagar. Mellom kursdagane blir deltakarane oppmoda om å prøve ut metodikken, som er grundig støtta av nettsider. Nøklar til naturfag passar like godt for norsklærarar som for naturfaglærarar.

lysbilde fra presentasjon av forskerføtter og leserøtter, viser fremgangsmåte for elevforsøk
Kursene forklarer og praktiserer metodikken frå 'Forskerføtter og leserøtter', som er utvikla ved Berekeley-universitetet i California
Photo:
Naturfagsenteret

Etterutdanninga er ein del av ein nasjonal dugnad koordinert av Naturfagsenteret. Kursea er baserte på programmet ’Forskerføtter og leserøtter’, med stor vekt på utforskande aktivitetar integrert med grunnleggande ferdigheter. Skular som er med gjennomfører eit systematisk oppbygd undervisningsprogram. Meir informasjon finn du på Naturfagsenteret sine sider Nøkler til naturfag.

Innhold
Undervisninga er tverrfagleg. Hovudvekt er på norsk og naturfag, men fleire fag og alle grunnleggande ferdigheitar er med. Programmet lærarane skal gjennomføre er ganske nøye fastlagt, og detaljert beskrive. Rettleiingar ligg på nettet. Kursdagane blir praktiske, med fokus på gjennomføring av undervisningsprogrammet. I starten blir det instruksjon og øving, etter kvart mer diskusjon, erfaringsdeling og introduksjon av nye programområde. 

Organisering
I løpet av eit semester gjennomfører lærarane på trinnet 20 timar undervisning, støtta av tre kursdagar. Det blir også tilbod om ei nettverkssamling per semester for dei som har gjennomført etterutdanninga.

Utstyrskasse
Skular som deltek må påregne utgifter til materiell. Det er utvikla ei utstyrsliste for dei som ynskjer å kjøpe materiellet sjølve, eller skulen kan kjøpe ein ferdig boks frå Naturfagsenteret som kostar kr. 2.000.

Kurset vil gå desse datoane: 

16.09 - 28.10 - 11.02

Påmelding på skolelab.no