Home

Employee Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Kommunikasjonsfrukost

«Eg tvitrar, altså er eg»: Forskarar i sosiale medium

Er sosiale medium meir enn selfies og kattevideoar? Kan forsking formidlast på 140 teikn? Velkommen til ein fagfrukost som gir deg nokre av svara.

kommunikasjonsfrokost.jpg

Kommunikasjonsfrokost
Mat, kaffi og sosiale medium. 13. mai får du alt dette på ein gong.
Photo:
Colorbox

NB! Påmeldingfristen for dette arrangementet er nå gått ut

Den 13. mai invitererer vi til kommunikasjonsfrukost med Twitter og Facebook på menyen. Høyr om andre forskarar sine eigne erfaringar med bruk av sosiale medium og få gode tips og råd undervegs. Gratis adgang! 

08:00 Frukost startar utanfor Egget 

08:30 Fagleg program startar inne i Egget: 

Kikki Kleiven, Bjerknessenteret: "Ingen tid til Twitter !/?". Kikki Kleven er ei synleg stemme på Twitter. Kva får henne til å bruke tid på det?

Walter Wehus, Kommunikasjonsavdelinga ved UiB, fortel om korleis dei jobbar med sosiale medium og gir tips og råd til både noviser og vidarekomne. 

Knut Melvær, stipendiat i religionshistorie på AHKR: "Når veilederen din er på Twitter". Knut Melvær har lenge har vore «overalt» i sosiale medium. Her fortel han kvifor og korleis.

Denne frukosten er den første av tre som Kommunikasjonsavdelinga ved UiB arrangerer i 2015. 

Velkommen, både til denne og dei to neste! 

PS: Emneknagg er #uibfrokost. (Og lurer du no på kva ein emneknagg er, får du vite meir 13. mai.)

PS2: Vil du lære endå meir om formidling? Meld deg óg på heildags skrivekurs 4. juni for kronikkar, bloggar mm. Begrensa antall plassar.