Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
FORSKNING

UiB inngår rammeavtale med Statoil

– Ei ryddig og god avtale som regulerer betingelsene for oppdragsprosjekter mellom Statoil og Universitetet i Bergen, seier rektor Dag Rune Olsen.

Underskriving av avtalen
Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen og forskingsdirektør i Statoil Lars Høier underskriv avtalen.
Photo:
Walter Wehus

Main content

UiB gjer som Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger og NTNU og inngår rammeavtale med Statoil. Avtala regulerer prosjekt der Statoil finansierer forskinga 100 prosent, gjennom å avtalefeste pris, publisering,eigedomstilhøve og andre vilkår i enkeltprosjekt som UiB gjer på oppdrag frå Statoil.

Rammeavtalen legg til rette for ein enklare administrasjon av inngåelse av eventuelle oppdragsavtaler, men seier ikkje noko om omfanget av oppdragsforsking for Statoil. Rammeavtalen forplikter ikke UiB til et bestemt omfang av oppdragsforskning overfor Statoil. Ho føyer seg inn i ei rekke av rammeavtaler som UiB har med eksterne partar.


Regulerer dei kommersielle vilkåra

Den nye avtala gir UiBs fagmiljø høve til å konkurrere om prosjekt som Statoil lyser ut.

– Statoil treng forsking på ei rekke områder, frå kunnskap om olje og gass til forsking på fornybar energi. Fagmiljøa våre får no ryddige rammer for på fritt grunnlag å avgjere om dei ynskjer å delta i konkurranse om ulike typar oppdragsforsking som passar inn i forskingsprofilen, seier rektor.

Rektor er godt nøgd med å få i hamn ei slik avtale.

– Vi har hatt gode relasjonar til Statoil over mange år. Rammeavtala regulerer dei generelle vilkåra for oppdrag, samtidig som ho gir ryddige rammer for konkrete prosjektavtaler, seier Olsen.


Leiande fagmiljø

UiB og Statoil har tidlegare underteikna ei Akademia-avtale som gir stønad til grunnforsking og utdanning. I tillegg har partane forskingssamarbeid gjennom prosjekt og senter (SFF/SFI) med utspring frå Forskingsrådet.

Også Statoil er godt nøgd med å få på plass ei rammeavtale.

– For å møte den globale etterspurnaden etter energi og samstundes produsere så karboneffektivt som mogleg, treng vi å samarbeide med verdsleiande miljø. UiB har leiande forskings- og utdanningsmiljø på fleire fagområde. Særleg innan geovitskapane og reservoarteknologi er vi imponerte over kor høg kvalitet det er på forskarane og studentane. UiB er fagleg sterke over ei stor breidde og dei representerer eit viktig kompetansemiljø for Statoil, seier forskingsdirektør i Statoil Lars Høier.

– UiB representerer òg viktig kompetanse for oss i satsinga på fornybar energi. Dette gjeld spesielt innan geotermi og havvind, seier Høier.

Rammeavtalen effektiviserer inngåelse av avtaler om oppdragsforskning mellom partene.