Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Falch 2015

Falchs seniorpris til Stein Ove Døskeland

Falchs seniorpris går i år til professor Stein Ove Døskeland ved Institutt for biomedisin.

Prof. Stein Ove Døskeland (i midten) er tildelt Falchs seniorpris. Her saman med dekan Nina Langeland og rektor Dag Rune Olsen.
Prof. Stein Ove Døskeland (i midten) er tildelt Falchs seniorpris. Her saman med dekan Nina Langeland og rektor Dag Rune Olsen.
Photo:
Jørgen Barth, UiB

Main content

Eit langt fagleg og vitskapleg leiarskap og virke på høgt internasjonalt nivå, evnar å inspirera andre, medverkar til å bringa fram nye generasjonar av forskarar og ein entusiastisk undervisar. Dette var berre nokre av grunngjevingane då professor Stein Ove Døskeland (Institutt for biomedisin) fekk overrekt Falchs seniorpris frå rektor Dag Rune Olsenfakultetsdagen.

- Prisen er eit viktig klapp på skuldra og ein mektig stimulans no på tampen av karrieren – verkeleg ei energiinnsprøyting, seier ein glad prisvinnar.


Døskeland har utdanning som lege og tok seinare doktorgrad i medisin, begge delar ved Universitetet i Bergen (UiB). I dag er han mellom anna leiar for forskingsgruppa for Translasjonell Signalisering (TSG). Eit hovudemne for gruppa er å reie ut mekanismar som fører til celledød, som er særleg viktig for kreftceller.


- Då eg fekk høyre om tildelinga, tenkte eg at 18. juni er ein dag for gode hendingar. Den dagen kom vårt fjerde barn til verda, etter ein tung fødsel som enda med keisarsnitt midt på natta. Det var ei god kjensle å sjå den vesle guten som sov roleg med eit smil om munnen. Denne årstida er også ei typisk tid for doktordisputasar, som kan minna om ein fødsel. Så eg sender takksame tankar til dei unge medarbeidarane som har gjort stor karriere på eiga hand, og dermed litt ekstra glans til meg. Falch-prisen vil nok på denne tida i åra som kjem, vekke til live gledene ved ”vitskapelege” og familiære fødslar, seier Døskeland med eit smil.

 

Visjonær brubyggjar

Søren Falchs seniorpris er på 250.000 kroner, og fondet som deler ut prisen legg stor vekt på arbeid av stor samfunns- eller vitskapleg vekt. Døskeland har publisert meir enn 200 vitskaplege arbeid og er sitert meir enn 7.000 gonger.

- Det er grunn til å trekke fram Stein Ove Døskeland sine evner som leiar og brubyggjar på tvers av vitskaplege miljø. Han har også sett spor etter seg ved fakultetet ved å ta del i ei rekkje administrative komitear og utval med engasjement og grundigheit. Samstundes har han prega fleire av forskingsmiljøa med langvarig og engasjert innsats og leiarskap, seier dekan Nina Langeland, som også er styreleiar for fondet som deler ut prisen.

Den vitskapelege forskinga til Døskeland er særleg prega av at han bidreg i forskingsfronten når det gjeld grunnleggande cellebiologiske og molekylærbiologiske problemstillingar, og at han trekkjer denne kunnskapen inn i relevante kliniske problemstillingar, særleg kring leukemi, men også med omsyn til andre kreftformer. Som ei anerkjenning av det høge nivået på forskinga, er Døskeland vald inn i Det norske Videnskaps-Akademi, og i 1995 mottok han Kong Olav Vs pris for kreftforsking frå Kreftforeininga.

 

- Det har skjedd ei eventyrleg utvikling i dei åra eg har forska. Fagfelt som ein i Norge måtte sloss for å introdusera for få tiår sidan, er i dag blitt «mainstream», seier Døskeland.

Døme på dette er cellebiologi, ”programmert” celledød (ved ”celle-sjølmord” - apoptose), proteomikk (kan brukast m.a. til storskala påvising av proteinendringar i sjuke celler, så som kreftceller).

- Særleg gledelig er den store interessa for translasjonell forsking (overføring av grunnforsking til nye behandlingsmetodar) kombinert med molekylær- og cellebiologi, eller bruk av transgene mus (mus som har fått syntetiske gen fletta inn i DNAet), fortel Døskeland.


- Det kjennes godt no på tampen av karrieren – å få vere med på store translasjons prosjekt – særleg å få vere med på bølgja av ”personalized medicine”, der behandling vert tilpassa molekylære funn i pasientkreftceller. Om eg skal nemne eit felt der vi ikkje har skodd oss godt nok for framtida, så er det «systembiologi». Det er eit fagfelt der det krevst stor satsing både på computer-assistert bioinformatikk og kvantitative data om enzymaktivitetar og binding mellom protein i lokaliserte kompleks i cellene. Målet må vera å kunne simulera celleprosessane ”in silico”, altså med datasimulering. Dette siste er så ambisiøst at det nok blir levebrød òg for neste generasjon av forskarar å finne ut av, seier professoren.

 

Basalforsking for framtida

I tillegg til å vere ein framifrå forskar, er Døskeland ein skatta undervisar. Han vert omtala som ein som er lett å spørje og som gjev studentane god og oppdatert undervisning og rettleiing, både på lågare og på høgare grad.

Døskeland har også bidrege til å bringe fram nye generasjonar av forskarar. Han har rettleia 24 ph.d.-kandidatar til doktorgrad, både ved UiB og andre stader. Fleire av desse er i dag sentrale forskarar og forskingsleiarar ved andre institutt og institusjonar, som til dømes Bjørn Tore Gjertsen (hematologi) og Gunnar Mellgren (endokrinologi) ved Klinisk institutt 2.

- Denne prisen gjer eit døme på at basalfaga er viktige, ikkje minst for å gje ei solid utdanning av forskarar. Det er eit faktum at mange av dei leiande «forskarstjernene» i kliniske avdelingar har fått si doktorgradstrening i basalfaga, påpeikar Døskeland.

Døskeland understrekar at prisen er eit resultat av samarbeid og entusiastiske kollegaer.

- Eg ynskjer å rette ein stor takk til trufaste teknikarar og dei mange rekruttar som har bidrege med sin innsats – ofte langt utover normalarbeidstida. Og ikkje minst er det gledeleg at nokon tek seg bryet med å nominere ein til ein pris, seier prisvinnaren.