Home
UiB Alumni Network

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Alumnusdagen 2015

Vestlandsk bokbad med Ragnar Hovland og Gunnhild Øyehaug

Ragnar Hovland og Gunnhild Øyehaug har henta mykje inspirasjon frå studietida ved UiB til sine forfatterskap. Begge er på plass i bokbadet på Alumnusdagen.

Bilde av Ragnar Hovland og Gunnhild Øyehaug
Photo:
Hovland - fotograf: Herborg Pedersen Øyehaug - fotograf: Magne Sandnes

Main content

Ragnar Hovland og Gunnhild Øyehaug representerer kvar sin generasjon forfattarar, men har ellers mykje til felles. Dei er vestlendingar, dei skriv på nynorsk, dei har ei finstemt blanding av humor og alvor i sine bøker og ikkje minst: Dei hentar begge inspirasjon frå studietida ved Universitetet i Bergen.



Gunnhild Øyehaug fekk sitt store gjennombrot med «Vente, blinke» i 2008. Boka er omsett til fleire språk, og vart i 2014 filmatisert under tittelen «Kvinner i for store herreskjorter». Øyehaug vart Amandanominert for filmmanuset. I fjor kom romanen «Undis Brekke», der hovedpersonen er ein 38-årig stipendiat i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Aftenposten kalla boka «en lystbetont kriseroman man nødig legger fra seg», og VG skreiv mellom anna: «Få skildrer livets alvor med en mer befriende letthet enn Gunnhild Øyehaug her til lands.» Gunnhild Øyehaug har fått fleire prisar for sitt forfattarskap, mellom anna Sultprisen, Dublougprisen og Nynorsk litteraturpris. Ved sida av å vere forfattar, er ho lektor i litteraturvitskap og underviser ved Skrivekunstakademiet i Bergen. 


Ragnar Hovland er den norske kultforfattaren framfor nokon. Ironisk naivisme og kvardagsleg surrealisme er nokre av merkelappane ein kan setje på Hovlands litterære univers. I 1979 debuterte han med romanen «Alltid fleire dagar». Sidan har han gitt ut over førti bøker. Han er omsett til mange språk, men har særleg hatt gjennomslag i Tyskland. Ragnar Hovland har vunne ei rekke litterære prisar, mellom anna Kritikarprisen 2006 for «Fredlaus», og i 2001 for «Ei vinterreise». Allereie frå starten av forfattarskapen markerte Hovland seg med si særmerkte blanding av humor og alvor, og høg og lågstil. «Humor utan alvor er uinteressant, det eine er ein forutsetnad for det andre», seier Ragnar Hovland sjølv. Forfattaren let romankarakterane bevege seg i ei verd som er ei blanding av hans eigen oppvekst i Sogn og amerikanske filmar. Alltid i ei surrealistisk innpakning. 


Dei to forfattarane er gamle kjende og har ei gjensidig beundring for kvarandre. Her ligg alt til rette for eit underhaldande bokbad med djupdykk i både forfattarskap og studietid. 


NÅR: Alumnusdagen 12. september, kl. 14.00. 


KVAR: Bokhandelen Akademika, Studentsenteret 

Meld deg på alumnusdagen her