Home
UiB Alumni Network

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
MÅNADENS ALUMN

Månadens alumn: Agnes Ravatn

Agnes Ravatn har eit døme på prokrastinering med heldig utfall: Ho utsette det kjedelege arbeidet med ex.fac-oppgåva si i det lengste. I staden skreiv ho ferdig debutromanen sin.

Portrettbilde av Agnes Ravatn
Agnes Ravatn har planar om fleire romanar, straks ho finn ut korleis ho kan skrive om nokon som verken er akademikar eller forfattar.
Photo:
Agnethe Brun

Main content

 

Korleis var studietida di? 

Heilt sidan eg var liten hadde eg hatt eit bilde av «universitetet» som det mest fantastiske i verda. Så eg blei raskt realitetsorientert då eg begynte på grunnfag i nordisk og oppdaga at mine medstudentar sende lappar til kvarandre under forelesingane og spurde «er dette pensum?» kvar gong ein forelesar hadde ein augneblink av inspirasjon. I ein kombinasjon av arroganse og latskap begynte eg å skulke forelesingane til fordel for sjølvstudium på hybelen og på byen. 

Kva er ditt beste (eventuelt dårlegaste) minne?

Mitt beste minne er utan tvil då eg som den eine av tre studentar tok emnet «Einar Øklands forfattarskap». Idar Stegane hadde emnet, og etter eksamen tok han oss med på julebord på Wesselstuen. Der drakk me akevitt og resiterte Økland-dikt for kvarandre. 
 
Kva i utdanninga har du hatt spesiell nytte av? 

Det har vore nyttig å ikkje la seg blende av at folk har «universitetsutdanning».

Kva skulle du ønskje du visste då du var student? 

I etterpåklokskapens grelle lys har eg tenkt at det kunne vore fint å ha studert noko anna enn litteratur. Sidan eg uansett var fast bestemt på å bli forfattar, kunne det vore kjekt å ha litt kunnskap om noko anna. Juss, eller statsforvalting, eller Midtausten. Både for å kunne framstå som eit heilt menneske, og slik at eg kunne ha skrive romanar om folk som har reelle yrke utan å måtte drive research i årevis. Men det var jo berre litteratur eg var interessert i den gongen. I dag lengtar eg mot alle andre fagområde heile tida, men det er vel fordi litteratur er blitt yrket mitt. 
 
Kva råd vil du gje til dagens studenter?


Det må vere å lese den glitrande romanen «Håpet og festen» av Kjersti Rorgemoen. Til skrekk og åtvaring for alle HF-studentar.
 
Dersom du skal trekke fram eitt råd frå «Operasjon sjølvdisiplin» kva skulle det vere?

Skap fysisk avstand mellom deg og distraksjonane. Gjer det til ein vane å legge telefonen i eit anna rom mens du arbeider, til dømes, og set ein tidslås på nettilkoplinga på PC-en. 
 
Har du sjølv greidd å leve etter råda du gir der? 

Til ein viss grad! Eg ser at dersom eg følgjer mine eigne råd, får eg gjort det eg skal nesten utan problem, og alt er herleg. Men tilbakefalla kjem heile tida. Det gjeld å bli god på å hente seg inn att. 
 
Har du nokre gode døme på prokrastinering frå di eiga studietid?

Eg kan jo for ein gongs skyld trekke fram eit døme på prokrastinering med positivt utfall: eg utsette det kjedelege arbeidet med å skrive ei ex.fac-oppgåve ved å i staden skrive debutromanen min. 
 
Du har gitt to romanar. Har du planar om fleire?


- Absolutt! Straks eg finn ut korleis eg kan skrive om nokon som verken er akademikar eller forfattar.


Agnes Ravatn (fødd 1983) er forfattar og journalist.  Ho har gitt ut fleire essaysamlingar og to prisbelønte romanar, «Veke 53» og «Fugletribunalet». For «Fugletribunalet» fekk ho mellom anna P2-lyttaranes romanpris, og boka vart også sett opp som kritikarrost framsyning på Det Norske Teatret. Den siste boka hennar «Operasjon sjølvdisiplin» (2014), er ei sjølvhjelpsbok for folk som hatar sjølvhjelpsbøker. Mellom anna med tips til korleis ein kan unngå prokrastinering og dei mange distraksjonane på nettet.