Historia blir global
Kva er historiefagets rolle i vår globaliserte verd?

Historiefaget slik me kjenner det oppstod på 1800-talet og var eit ektefødt barn av statsdanning og nasjonalisme. Dette historiefaget var også djupt forankra i det europeiske - i europeisk historie og ei europeisk tankeverd.
Med dette som utgangspunkt drøfter Leidulf Melve nokre sider ved dei utfordringane historieskriving og historiefaget har hatt og framleis har i møtet med ei globalisert verd.
Dette er eit av fem foredrag under vignetten Café Humaniora.
Om Café Humaniora
Café Humaniora vil finne stad på Christie Café på Universitetsmuseet ein torsdag i månaden, der breidt orienterte forskarar vil ta opp viktige problemstillingar i dagens humanistiske forsking gjennom ei foredragsrekkje.
Café Humaniora skal vere eit tverrfagleg møtepunkt med foredrag, diskusjon, den gode samtalen – gjerne til eit glas og noko å bite i.
Tilsette ved fakultetet, men også studentar og andre som brenn for, og vil noko med dei humanistiske fagea, er velkomne.
Les meir: På café med humanistisk forskning
Kommande foredrag:
31. mars | Brynjulf Stige: Musikkterapi som humanistisk og tverrfaglig disiplin |
21. april | Kjersti Fløttum: Språkvitenskapen ut av komfortsonen |
26. mai | Jill Walker Rettberg: Humanioras digitale fremtid |