Home
Department of Administration and Organization Theory

Vilde Tøfte Øvstetun

Vilde Tøfte Øvstetun begynte på bachelor i 2013 og skriver nå oppgave om maktfordelingsprinsippet.

Ein ser att det ein lærer i samfunnet rundt seg, og ser på samfunnet med andre auge enn før. Eg kunne ikkje tenkt meg å vore for utan den kunnskapen eg har etter å ha studert admorg!

Kvifor valde du ein bachelorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap?

Eg valde ein bachelorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap fordi det såg spanande ut. Eg har lenge vore aktiv i politikken, og hadde lyst til å læra meir om korleis politikken vert implementert. I tillegg såg det spanande ut å læra meir om forvaltninga og korleis ting i samfunnet vårt faktisk fungerar.

Korleis har overgangen frå elev til student vore?

Overgangen frå elev til student var ganske hard det fyrste semesteret. Når eg gjekk rett frå vidaregåande og dei klåre arbeidsrammene eg hadde der kvar dag, til den meir friare studentkvardagen på universitetet hadde eg i byrjinga vanskeleg for å strukturera kvardagen min. Men etter ei tid kom det seg, og studentlivet er ganske herleg!

Korleis har di faglige vekst vore? 

Den faglege veksten min har vore ganske bratt. Ein lærer utruleg mykje utruleg fort, og det er det som er så kjekt! Ein ser att det ein lærer i samfunnet rundt seg, og ser på samfunnet med andre auge enn før. Eg kunne ikkje tenkt meg å vore for utan den kunnskapen eg har etter å ha studert admorg! I tillegg til den faglege veksten har eg vokse som menneske og som person. Ein lærer utruleg mykje om seg sjølv på vegen!

Kva skriv du bacheloroppgåva di om? Kvifor valte du dette temaet?

Eg skriv bachelor om maktfordelingsprinsippet sett i lys av at det er regjeringa ved justisministaren som tilsett høgsterettsjustitiarius.  Problemstillinga mi er om dette kan svekka maktfordelingsprinsippet. Dette er eit interessant tema!

Hva er ditt beste minne fra studietiden?

Mitt beste minne frå studietida er nok studieturen me hadde til Berlin. Det å få sjå det me lærer på ein heilt ny måte var veldig interessant! I tillegg fekk eg vener for livet, og vart betre kjend  med dei studievenene eg allereie hadde!

Hvorfor bør nye søkere velge admorg?

Nye søkarar bør velja admorg fordi det er eit veldig spanande studie, og fordi ein sit att med ein veldig brei kunnskap når ein er ferdig. Eg gler meg å sjå kvar alle studievenene mine hamnar til slutt!

Har du tips til ferske bachelorstudentar?

Reis på informasjonskurs, ver aktiv i studentorganisasjonar og finn gode kollokviegrupper som du trivast i!

Eit meir konkret tips er å laga ein personleg oversikt over alle ulike perspektiv heilt frå 1. semester, det skulle eg ynskja eg hadde gjort no som eg driv på med bacheloren!

Kva tenkjer du å gjere etter bachelorgraden din?

Eg har mange planar, og ingen planar. Me har so mange mogelegheiter etter ein bachelor i admorg! Akkurat no ser det ut til at eg skal søka meg inn på master. Men eg har også sett på mange spanande vidareutdanningar og andre relevante bachelorar rundt om i landet! Eg håpar i vert fall at når eg føler meg ferdig med studentlivet får eg ein god jobb som eg trivast i, og som eg ynskjer å ha til eg vert pensjonist!