Home
UiB Alumni Network

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
MÅNADENS ALUMN

Månadens alumn: Maria Parr

Maria Parr har nådd eit stort publikum med bøkene sine. For tida går «Tonje Glimmerdal» for fulle hus som teaterstykke på Den Nationale Scene i Bergen. Den same byen der forfattaren tok sin mastergrad i nordisk språk og litteratur.

Maria Parr
Forfattar Maria Parr rår dagens studentar til å kjenne etter, så ein held på med slikt som ein verkeleg bryr seg om.
Photo:
Siri Juell Rasmussen

Main content



Korleis var studietida di?
Studietida mi var formande og fin.

Er det nokon episodar du hugsar spesielt godt?
Eg hugsar veldig godt kor lite eg skjøna av det systemet eg hadde kome inn i. Universitetet var ei heilt framand verd, med framande måtar å prate på og nye måtar å tenkje på. Eg hadde nokre formidable aha-opplevingar når ting liksom datt på plass. Dei gløymer eg aldri.

Kva i utdanninga har du hatt spesiell nytte av som forfattar?
All skrivinga. Det å jobbe med språk på ulike måtar, det har eg hatt stor nytte av. Og så fekk eg lese ein del viktige bøker som eg nok ikkje hadde funne fram til sjølv.

Kva skulle du ønskje du visste då du var student?
Eg er i grunnen glad for at eg ikkje visste så mykje. Er ikkje det noko av poenget?

Kva råd vil du gje til dagens studentar?
Lær deg å kjenne etter, så du veit kva tid du held på med slikt som du verkeleg bryr deg om. Og legg merke til menneska rundt deg. 

Kvifor trur du bøkene dine er blitt så populære?
Det synest eg er vanskeleg å svare på. Eg håper det er fordi dei på ein eller annan måte rører lesaren.

Kva kan vi lære av Tonje Glimmerdal?
Mangt. Ho er ei slik jente som eg skulle ønske eg var sjølv. Aller mest så vågar ho å vere ærleg, både med seg sjølv og med andre.

Kva syns du om teaterversjonen av henne?
Eg synest den var så fin at eg var nesten litt øydelagt av takksemd etterpå.

Arbeider du med nye bøker, og kan du røpe noko om innhaldet?
Ikkje på vilkår!

Tilknyttet innhold