Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Målpris til Det juridiske fakultet

Juristmållaget gjev målprisen 2016 til Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Prodekan Berte-Elen Konow får tildelt mållagsprisen på vegne av fakultetet. Her med Gunhild Lauvsnes og Brita Helleland
Prodekan Berte-Elen Konow tok i mot målprisen på vegner av fakultetet. Her med Gunhild Lauvsnes (til venstre) og Brita Helleland frå Juristmållaget.
Photo:
Synne Slettebø

Main content

Prisen blei delt ut til fakultetet 20. april 2016 av Gunhild Lauvsnes og Brita Helleland frå Juristmållaget.

– Fakultetet får målprisen på grunn av den aktive støtten studentar med nynorsk som målform har fått frå første stund når dei byrjar på studiet. Det er gitt klare oppmodingar frå tilsette om å halde på målforma og det er organisert eigne nynorske arbeidsgrupper sidan hausten 2009. I tillegg tilbyr fakultetet gode arbeidsvilkår for vitskapleg tilsette som brukar nynorsk. Dette gjer at Juristmållaget ikkje er i tvil om at Bergen er nynorskhovudstaden innanfor jussen, grunngjer dei.

Ei stor ære

Prodekan Berte-Elen Konow tok i mot prisen på vegner av fakultetet. Det syntes ho var ei stor ære.

– Vi er glade og stolte over at Juristmållaget har sett at Det juridiske fakultet i Bergen har ei positiv haldning til at nynorsk vert nytta som arbeidsspråk både av studentar og av tilsette. For eigen del vart eg overraska over at fakultetet fekk prisen, for slike prisar assosierer ein gjerne med einskilde nynorsk-brukarar.  Og eg er for så vidt viss på at det er fordi våre studentar og tilsette er så gode ambassadørar for nynorsken, at Juristmållaget har sett at også fakultetet har spela ei rolle for å støtte opp under bruken av nynorsk, seier prodekanen.

Viktig arbeidsverktøy

For fakultetet er det viktig å leggja til rette for at både studentar og tilsette skal halde fast på målforma si. For Berte-Elen er dette heilt sjøvsagd.

– Nynorsk har tradisjonelt stått sterkt på Vestlandet. Då skulle det eigentleg bare mangle om ikkje fakultetet la til rette for at studentar og tilsette heilt naturleg kan halde fram med å bruke nynorsk når dei vert tilknytta fakultetet, seier ho og held fram:

– For juristar er språket det viktigaste arbeidsverktøyet.  Det er viktig å uttrykkje seg klart og poengtert.  Her har faktisk juristar som skriv nynorsk eit fortrinn framfor bokmåls-brukarar.  Måten å uttrykkje seg på blir meir aktiv i forma.  Og ikkje minst er nynorskbrukarar mykje flinkare enn bokmålsfolk til å setje punktum.  Dette gjer at juristar som bruker nynorsk, ofte også får ord på seg som nokon som forklarar vanskelege problemstillingar på ein klar og forståeleg måte, poengterer prodekanen.

– Når Juristmållaget har gitt fakultetet denne prisen, må me rekna med at dei har ei forventning om at fakultetet held fram med å leggja til rette for og oppmuntra studentar og tilsette til å fortsetje å nytta nynorsk.  På vegne av leiinga ved fakultetet kan eg love at dette skal vi fortsetje med, slår Berte-Elen fast.

Grunngjeving for prisen

Heile grunngjevinga til Juristmållaget kan du lese her:

"Fakultetet får målprisen på grunn av den aktive støtten studentar med nynorsk som målform har fått frå første stund når dei byrjar på studiet. Det er gitt klare oppmodingar frå tilsette om å halde på målforma og det er organisert eigne nynorske arbeidsgrupper sidan hausten 2009. I tillegg tilbyr fakultetet gode arbeidsvilkår for vitskapleg tilsette som brukar nynorsk. Dette gjer at Juristmållaget ikkje er i tvil om at Bergen er nynorskhovudstaden innanfor jussen.

Mange studentar som har nynorsk som hovudmål på vidaregåande skule, byter til bokmål når dei byrjar på universitetet. Viktige grunnar til dette er lite pensummateriale og eit språkmiljø der bokmål dominerer. Juridisk fakultet har støtta aktivt opp om studentar som ønskjer å halda på nynorsken. I opningstalen har dekanen ved Det juridiske fakultet ofte framheva fortrinna dei som skriv nynorsk har, ved at dei er betre trena til å tenka gjennom den nøyaktige tydinga av fagomgrepa, og difor lettare knekk koden med lovtolking.

Faktultetet har følgt ord i handling ved å gje eit tilbod om nynorske arbeidsgrupper i første og andre studieår, der språket er ein viktig del. Studentane får skriftlege tilbakemeldingar frå medstudentar og arbeidsgruppeleiar på dei obligatoriske oppgåvene, og når gruppa møtest er det rom for å diskutera korleis dei best kan formulera juridiske omgrep på nynorsk. Samla gir dette inspirasjon og motivasjon hjå studentane til å halda fast på hovudmålet sitt gjennom utdanninga.

Satsinga har gitt positive resultat. Talet på studentar som registrerar nynorsk som målform ved semesterstart er jamt stigande, og det same gjeld tal på studentar som ynskjer å delta i dei nynorske arbeidsgruppene.

Vidare har fakultetet over tid lagt til rette for at stipendiatar kan skriva doktorgradsavhandling på nynorsk, slik at det etter kvart er eit stort miljø med vitskapleg tilsette som skriv nynorsk, og som har eit personleg engasjement for målforma.  Dette inspirerarr studentar gjennom pensumlitteratur, artiklar og førelesingar på nynorsk. Når over tjue av dei vitskapleg tilsette på fakultetet har nynorsk som målform, lemnar det ingen tvil om kva som er nynorskhovudstaden i det juridiske miljøet.

Juristmållaget gjev prisen til Det juridiske fakultet ved prodekan Berte-Elen R. Konow for å løfta fram det gode arbeidet som er gjort for bruk av nynorsk på det juridiske området, og for å stimulera til vidare arbeid med å fremja juss på nynorsk."