Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Møtegodtgjersle - stipendiatar

Main content

Doktorgradsstudentar utan arbeidsår ("pliktår"/"fjerdeår") får møtegodtgjersle for deltaking i instituttrådet, undervisningsutvalet (UUI) og forskingsutvalet ved instituttet. Instituttet betalar og ut honorar til doktorgradsstudentar utan arbeidsår som er medlemar av fakultetsstyret.

Honoraret skal dekka både faktisk møtetid og førebuingstid. Dette kan ordnast på ein av følgjande to måtar:

1. Doktorgradsstudenten leverer inn ei liste som spesifiserer kor mange timar kvart møte har vart. Timetalet blir gonga med 2 for å gje utteljing for førebuingstida.

2. Doktorgradsstudenten leverer inn ei liste som berre viser datoane på møta. Instituttet legg då til grunn at kvart møte gjennomsnittleg varer i 1.5 time og gonger med 2 for å gje utteljing for førebuingstida.

Møtegodtgjersla blir betalt ut mot innlevert honorarkrav, og doktorgradsstudentar vert lønna i sitt vanlege lønnssteg. Kandidatane har sjølve ansvaret for å senda honorarkrav til instituttet ved administrasjonskonsulent.

Kandidatar utan arbeidsår kan ha krav på honorar for deltaking i andre utval og komitear ved institutt, fakultet og universitet. Kandidatane har sjølve ansvaret for å kontakta instituttet ved administrasjonssjefen for å undersøkja dette nærare.