Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Konferansar og meirverdiavgift

Når vi arrangerer konferansar med deltakaravgift, må vi normalt betala meirverdiavgift av deltakarbetalinga (25 prosent). Det blir likevel skilt mellom forskingskonferansar med deltakaravgift, undervisningskonferansar med deltakaravgift og alle slags konferansar utan deltakarbetaling:

  • Dei aller fleste av konferansane ved IF er forskingskonferansar. Føremålet med slike konferansar blir definert som «fremlegging av forskningsresultater og/eller informasjons- og erfaringsutveksling». Dersom vi krev deltakaravgift på slike konferansar, må vi betala 25 prosent mva vidare til staten av den summen vi får inn.  I neste omgang kan universitetet krevja meirverdi-refusjon av utgifter til varer og tenester knytte til konferansen (leige av lokale, overnattingar dekka av arrangøren, mm).
  • Konferansar der hovudføremålet er undervisning, er eit unntak frå regelen om meirverdiavgift. Ved undervisningskonferansar  blir det ikkje lagt meirverdiavgift på deltakaravgifta. Vi kan heller ikkje be om mva-refusjon for utlegg til varer og tenester. UiB forstår dette som arrangement der «formålet er undervisning (formidling av kunnskap uten å få kunnskap tilbake, lærer – elev situasjon)». IF har få konferansar av denne typen, dei fleste av konferansane våre er forskingskonferansar.
  • Vi betalar sjølvsagt ikkje mva for konferansar utan deltakaravgift. Grunnen er at vi ikkje har omsetnad i form av inntekt på desse konferansane. Ekstern støtte til konferansar blir ikkje rekna som omsetnad. Vi kan heller ikkje be om refusjon av mva på varer og tenester vi kjøper inn til slike konferansar.

Kort oppsummert, er vi altså pålagde mva dersom det er snakk om ein forskingskonferanse med deltakaravgift.

Dei som har spørsmål om mva, kan ta kontakt med Vigdis Westgaard ved økonomiseksjonen eller med Arve Kjell Uthaug ved instituttet. Dersom delar av eller heile konferansen er tenkt finansiert gjennom deltakaravgift, bør ein vera klar over mva-plikta. Konsekvensane for budsjetteringa vil normalt ikkje bli dramatiske, sidan mva-refusjonen vil kompensera for tilleggsutgiftene. Men vi må klarera spørsmålet om mva på eit tidleg stadium slik at m.a. konteringa på prosjektet blir korrekt.