Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Erasmus tilsettmobilitet

Tilsette ved instituttet kan søkja om støtte til utveksling innanfor Erasmus-programmet. Denne ordninga gjeld både vitskapleg og administrativt tilsette. For det akademiske året 2017/2018, er det to søknadsfristar: 20. august 2017 og 20. januar 2018. Instituttet må få søknaden seinast nokre dagar før sjølve søknadsfristen. Instituttet sender søknaden vidare til Utdanningsavdelinga i ePhorte, med kopi til fakultetet.

Vitskapleg tilsette som ønskjer å søkja støtte frå denne ordninga, tek kontakt med og sender søknad til forskingskonsulent Jan A. Johansen. Utfylt Mobility Agreement kan nyttast som søknadsskjema, og dette skjemaet saman med meir informasjon om Erasmus-mobilitet ligg her. Ein kan normalt ikkje rekna med tilleggsstøtte frå instituttet attåt Erasmus-stipendet.

Administrativt tilsette som vil søkja støtte, kan kontakta administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug. Sjølve søknaden skal inkludera ei kort grunngjeving og eit budsjett, og skal sendast til Uthaug på e-post. Meir informasjon om Erasmus-mobilitet ligg her.