Home
Research group Multilingualism on my mind
International Mother Language Day

Ja til morsmål!

Kva feirar me eigentleg 21. februar kvart år? Kva er i det heile morsmål?

Gut med hjarte
Photo:
Anna Kolusyuk, Unsplash

Content

Kor mange ulike språk trur du det finst i verda? Sannsynlegvis fleire enn du vil tippa. Ein har rekna seg fram til at det skal finnast 7 097 ulike språk. Opplysninga er henta frå nettsida til språkdatabasen Ethnologue. Dei markerer den internasjonale morsmålsdagen med å publisera rykande ferske tal for statusen til språka i verda.

Morsmål ­ eller førstespråk ­ er språket eller språka me lærer aller først, og som me vart eksponerte for allereie då me låg inni magen til mødrene våre. Det er språket eller språka som blir snakka i familien me veks opp i.

Det magiske førstespråket

Det fine og nesten litt magiske med førstespråket er at det utviklar seg automatisk og om lag på same måte hos alle barn og med same gode resultatet. Medan moglegheitene barn har for utvikling på mange andre område er avhengig av dei sosiale og økonomiske rammene dei veks opp under, skjer altså utviklinga av uttalen og av systemet i førstespråket av seg sjølv. Me er endåtil skrudde saman slik at me kan læra fleire førstespråk samstundes: Barn som veks opp i fleirspråklege familiar, der familiemedlemmane i det daglege vekslar mellom å bruka forskjellige språk, kan utvikla fleire førstespråk samstundes. Dei vil tidleg skilja dei ulike språka frå kvarandre, og til dømes utvikla to fonologiske system, utvikla ordforråd på to ulike språk og tileigna seg to grammatiske system. Men dette skjer ikkje heilt av seg sjølv. Dersom barn skal utvikla meir enn eitt førstespråk samstundes, må dei ha rikeleg og variert innputt på alle språka.

Førstespråk er ikkje berre språket me lærer raskast og best. Det er også språket me er sterkast knytt til kjenslemessig. Det er gjennom førstespråket eller førstespråka me har knytt dei første og næraste relasjonane våre. Det er gjennom dette språket, eller språka om me har meir enn eitt førstespråk, me har oppdaga verda.

Kva er andrespråk?

Førstespråk er noko anna enn andrespråk. Andrespråk er den faglege termen for dei språka me startar å læra etter me har lært eitt eller fleire førstespråk. Sjølv om me kan læra språk heile livet, mister me etter kvart evna til å læra nye språk like godt som me lærte førstespråket eller førstespråka. I motsetnad til førstespråkslæring er andrespråkslæring kjenneteikna ved stor individuell variasjon i kor fort og kor godt ein lærer andrespråket.

Mange norske barn er fleirspråklege allereie frå fødselen. Somme lærer norsk og engelsk, eller norsk og kurdisk, når dei veks opp. Desse fleirspråklege barna blir like flinke i norsk som barna som berre har lært eitt førstespråk, i dette tilfellet norsk. Barn som veks opp med foreldre som innvandra til landet, møter ofte norsk først når dei kjem i barnehage eller når dei startar på skulen. Desse fleirspråklege barna har lært norsk i kortare tid og lærer norsk som eit andrespråk.

Felles for fleirspråklege barn – uavhengig av om norsk er eit første- eller andrespråk  – er tendensen til språkskifte og/eller tap av det eine språket, det vil seia det språket som ikkje majoriteten i samfunnet brukar. For barn i skulealder blir norsk fort det språket dei bruker aller mest, og i ein god del tilfelle også det einaste språket dei bruker til slutt, sjølv om dei har vakse opp med fleire. Desse barna mister altså tilsynelatande eit førstespråk fordi utviklinga stagnerer eller stoppar opp.

Det livsviktige førstespråket

Er det så farleg då, kan ein spørja seg, om ungane mister eit førstespråk som elles ikkje er så mykje i bruk i landet dei bur i? I ein del tilfelle vil ei slik utvikling bety at barna ikkje vidareutviklar familiespråket. For sosialiseringa i heimen og for kontakten mellom generasjonane er det viktig at familien har eit felles språk som ein kan bruka for å forstå kvarandre på alle måtar. Å meistra familiespråket er gjerne ein føresetnad for å kunne halda kontakten med slekt utanfor landet. Førstespråket er også viktig for identitetsutviklinga til barnet. Barn som har vakse opp i heimar med eit anna språk og ein annan kultur enn den dei møter i samfunnet, vil gjerne koma til å identifisera seg med majoritetskulturen og utvikla samansette identitetar. Og det er ikkje opplagt at meistring av førstespråket er ein føresetnad for å kunne identifisera seg med minoritetsskulturen, men for mange barn og ungdommar vil likevel identiteten også vera tett knytt til familiespråket.

Jente med gut på ryggen
Photo:
Jenn Evelyn Ann, Unsplash

Det er aller mest viktig å ta vare på og utvikla førstespråket for dei barna som ikkje har hatt norsk blant sine førstespråk. Her handlar det ikkje om førstespråket i seg sjølv, men om utviklinga av norsk som for dei er eit andrespråk. Det er nemleg slik at eit godt utvikla førstespråk er ein viktig føresetnad både for utviklinga av norskkunnskapane og for kunnskapsutviklinga generelt.

Barn som lærer førstespråket oppdagar verda samtidig, og lærer difor orda og begrepa parallelt. Barn som lærer eit andrespråk, har derimot oppdaga store delar av verda gjennom eit anna språk. Begrepsmessig kunnskap er noko av det viktigaste som kan overførast frå førstespråket til andrespråket. Barn som har gått gjennom den begrepsmessige utviklinga på førstespråket, før andrespråket tek over og blir språket ein skal læra på, har ein mykje lettare jobb framføre seg, enn barn som også må lære nye begrep samstundes som dei skal læra seg nye ord i tillegg. Dersom begrepa allereie er utvikla på eit språk, og barnet får hjelp til å kopla saman førstespråket og andrespråket, er det stort sett berre dei nye merkelappane, altså orda, dei må tileigna seg. Andrespråket til eit barn er slik delvis avhengig av den kompetansen som barnet allereie har utvikla på førstespråket. For å seia det enkelt: Jo betre barnet har utvikla førstespråket sitt, jo betre vil det tileigna seg andrespråket.

Ja til morsmål!

Det er altså ei rekkje gode og viktige grunnar til å arbeida for at barn og ungdom skal få hjelp og støtte til å utvikla og halda ved like morsmålskompetanse. Dersom det skal vera mogleg, treng barna å møta førstspråket ofte og aller helst gjennom varierte kjelder. Den viktigaste begrepsutviklinga skjer i samspelet mellom barnet og foreldra og barnet og søsken. Difor er det heilt avgjerande at foreldra snakkar med barna på det språket dei kan best. Men fleirspråklege barn treng også å bli aksepterte for det språklege mangfaldet sitt utanfor heimen. Dei bør møta ein barnehage og ein skule som anerkjenner, løftar fram og verdset deira fleirspråklege kompetanse. Ved å understreka statusen til førstespråket kan ein kanskje også styrkja motivasjonen for å meistra førstespråka godt!