Home
PhD Research School in Linguistics and Philology

Anders Alvsåker Didriksen

Logisk-semantiske instruksjonar i franske argumentative konnektorar: Ei kjelde til implisitte topoi, enthymem og syllogismar

Main content

Emnet for dette prosjektet, som vert gjennomført i tilknyting til KIAP-prosjektet (Kulturell Identitet i akademisk Prosa), er dei franske argumentative konnektorane donc, ainsi, alors, bien que og même si, deira inherente logisk-semantiske instruksjonar og deira bidrag til argumentasjonen i vitskaplege tekstar. Med argumentative konnektorar meinar eg bindeord som har ein pro- eller kontra-argumentativ funksjon i det aktuelle utsegna. Prosjektet handsamar også problem knytt til omsetjinga av argumentative konnektorar frå fransk til norsk og frå norsk til fransk.

Når det gjeld dei argumentative konnektorane sitt bidrag til argumentasjonen i teksten, kan ein synleggjera det ved hjelp av ein polyfonianalyse som får fram det implisitte innhaldet i det aktuelle utsegna. Det er her tale om lingvistisk polyfoni der ein har ei hierarkisk forståing av fleirstemmigheita i språket. Slike analysar syner altså det som ikkje vert uttrykt i argumentasjonen, men som er implisitt tilstades der. Polyfonianalysar av tekstsekvensar knytt til argumentative konnektorar vil altså stå sentralt i denne studien då ein slik analyse synleggjer dei ymse topoi, enthymem og syllogismar, som på grunn av konnektoren er implisitt til stades i teksten.

På dette grunnlaget kan hovudproblemstillinga i prosjektet formulerast slik:

  • Korleis bidreg dei utvalde argumentative konnektorane via implisitte topoi, enthymem og syllogismar til argumentasjonen i vitskaplege tekstar?

Prosjektet har også fleire delmål og delproblemstillingar som kan formulerast slik:

  • Identifisera og formulera dei logisk-semantiske instruksjonane til dei ymse konnektorane
  • Identifisera eventuelle samanhengar mellom kontekst og logisk-semantiske instruksjonar
  • Identifisera eventuelle samanhengar mellom sekvenstypen (i forståinga til Adam) og dei logisk-semantiske instruksjonane til konnektoren
  • Prøva metoden semantisk spegling på denne type ord.

Didriksen works at the Department of Foreign Languages.