Hjem
Senter for ernæring
Sida er under bygging

Proteingruppa

Hovedinnhold

Dietary Protein Research Group

Forskingsleiar: Oddrun Anita Gudbrandsen, forskar, PhD

Proteingruppa er ei forskingsgruppe ved Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen, som forskar på helseeffektar ved inntak av ulike typar protein.

Proteingruppa fokuserer hovudsakleg på helseeffektar knytt opp mot inntak av ulike proteinkjelder i friske og i samband med sjukdom. Gjennom studiar i menneske og dyr jobbar vi med å kartleggje helseeffektar av ulike proteinkjelder, og få betre innsikt i korleis ein kan optimalisere proteinsamansetninga til ulike grupper i befolkninga.

Masterprosjekt: Sidan 2010 har 24 studentar tatt masteroppgave i kliniske/human ernæring med hovudrettleiar fra Proteingruppa. Alle masteroppgåvene har resultert i publiserte artiklar (p.t. er to masteroppgaver under bearbeiding til artiklar).

 

PROSJEKT (klikk på prosjektnavna under for å få meir informasjon)

Alle prosjekta under er del av masteroppgaver og PhD-arbeid ved Det medisinske fakultet, UiB. Deltakarane i dei kliniske studiene budde i Bergen eller i nærområda og vart ikkje betalt for å delta.

 

Mettere og sunnere med fiskeproteiner? Ny studie på gang -  vil du delta?

Vi søker friske vaksne (20-55 år) med BMI i øvre del av normalområdet til lett fedme (BMI 25-33).

Vi vil undersøke om fiskeprotein påverker kroppens evne til å takle fett og sukker fra mat, og om desse fiskeproteina har gunstige effektar på metthet, blodsukkerregulering, immunforsvar, kolesterol og blodtrykk

Deltakarane kan ikkje ha påvist diabetes, hjartesjukdom eller mage/tarmsjukdom, og må ikkje ha problem med å ta fleire tablettar på ein gong. Deltakarane kan ikkje bruke reseptbelagte medisinar mot høgt blodtrykk, høgt kolesterol, høgt blodsukker, lavt stoffskifte eller betennelsesdempande medisinar, og dei kan heller ikkje ta tran eller andre kosttilskot.

For å sjå effekt av fiskeprotein så er det viktig at ingen av deltakarane et fisk eller sjømat i perioden rett før studiestart og heller ikkje i løpet av dei 8 veken studien pågår. Det er og viktig at deltakarane ikkje aktivt prøver å gå ned i vekt i denne perioden.

Deltakarane vert fordelt i ei fiskeproteingruppe og ei placebogruppe ved loddtrekning.

Sjølve studien varer i 8 veker, og kvar deltakar må inn til oss på to undersøkingar; ved oppstart og etter 8 veker. Kvar visitt tek ca to og en halv time. Sidan deltakarane må være fastande (kan ikkje ha ete etter kl 22 dagen før) så vil alle undersøkingane foregå før kl 12.

Vi måler høgde, vekt, kroppssamansetning (fettprosent), blodtrykk og analyserer blodprøver og urinprøver. Analysene av blod og urin er mykje meir omfattande enn vanlege rutineanalyser hos lege, og deltakarane får tilgang til alle sine eigne prøvesvar.

Oppstart: august/september 2021

For meir informasjon, kontakt oddrun.gudbrandsen@uib.no.

Her kan du rekne ut BMIen din: BMI-kalkulator

 

Hundar med fedme - ny studie på gang. Har du ein hund som vil være med?

Omlag 40% av alle hundar og 20-23% av vaksne menneske i Europa har fedme, og antalet med fedme har auka i blant både menneske og hundar under koronapandemien. Akkurat som hos menneske, så vil fedme auke risikoen for å høgt kolesterol, diabetes, høgt blodtrykk og nyresvikt i hundar. Du kan lese meir om bakgrunnen for prosjektet i denne artikkelen For meir informasjon, kontakt oddrun.gudbrandsen@uib.no.

 

Fiskespisestudiene 2011-2014

Dette prosjektet består av 4 kliniske studier og 3 studier i rotter. Forskinga vart finansiert av Bergen Medisinske Forskingsstiftelse og Regionalt Forskingsfond Vestlandet.

 

Analysane av prøvene i Fiskespisestudiene har tatt lengre tid enn vi trudde, derfor ønsker vi å ta vare på prøvene og informasjonen om deltakarane lenger enn opprinnelig planlagt, som var 31.12.2020. Dersom du nyleg har motteke ein sms eller epost fra oss om dette og ønsker å reservere deg mot vidare lagring av prøver, eller dersom du ønsker å sjå prøvesvara dine, ta kontakt med oddrun.gudbrandsen@uib.no Vi har lagra følgande informasjon om deltakarane: fødselsdato, kjønn, eventuell bruk av reseptbelagt medisin og kosttilskot, vekt, høgde, fettprosent, registreringar av kosthold og fysisk aktivitet, og prøvesvar fra analyser i blod, urin, avføring og fettbiopsi. All informasjon er koda med ein kodenøkkel slik at det ikkje er mogleg å identifisera deltakarane, og det er kun prosjektleiar Oddrun som har tilgang til denne nøkkelen. Det er ingen endringar i planane om kva som skal analyserast. Denne nettsida vil bli oppdatert dersom det blir endringar i prosjektet som er godkjent av Regional etisk komite. Dersom du ønsker å få varsel på epost når nettsida oppdaterast så sender du ein epost til oddrun.gudbrandsen@uib.no

 

FISK-1 (våren 2011): Normalvektige vaksne åt fem middager per veke med torsk, laks eller kylling til i fire veker. Funn: Inntak av laks auka blodnivået av HDL-kolesterol (det gode kolesterolet) og reduserte nivået av triglyserider, medan torsk og kylling ikkje hadde nokon effekt. Ein artikkel er publisert så langt, og den finn du her

FISK-2 (hausten 2011): Vaksne med overvekt/fedme åt fem middager per veke med torsk eller laks, medan ei kontrollgruppe åt som vanleg men utan fisk og sjømat i åtte veker. Funn: Inntak av laks betra blodsukkerreguleringa, auka innhaldet av omega-3-fettsyrer i kvite blodceller, og bremsa (men var ikkje nok til å hindre) nedgangen i vitamin D i blodet på hausten, medan torsk ikkje hadde nokon effekt. Laks hadde og effekt på samasetninga av tarmbakteriar, og endringa samsvara med betring av blodsukkerreguleringa. Vi fann og gode markørar for inntak av fisk som vi har nytte av i framtidige studier. Fire artiklar er publiserte så langt og dei finn du her: blodsukkerregulering  vitamin D tarmbakteriar markørar For å sjå pressedekninga av artiklana, sjå her: NRKVestland om laks og vitamin D Kveldsnytt om vitamin D (etter ca 7 min) NRK.no om tarmbakterier Dagsrevyen om tarmbakterier (ca 19:29)

FISK-3 (hausten 2012): Vaksne med overvekt/fedme tok tilskudd av fiskeprotein i form av tablettar i åtte veker. Funn: Protein fra torsk, sild og mjølk hadde gunstig effekt på blodsukkerreguleringa, medan lakseprotein ikkje hadde effekt. Ein artikkel er publisert så langt, og den finn du her . For å sjå pressedekninga av artikkelen: forskning.no uib.no

FISK-4 (hausten 2013): Vaksne med overvekt/fedme tok tilskudd av torskeprotein som kapslar i åtte veker. Funn: Torskeprotein reduserte blodnivået av frie fettsyrer men hadde ikkje effekt på blodsukkerreguleringa. Ein artikkel er publisert så lang, og den finn du her

Rottestudier: Unge rotter med fedme fekk protein fra torsk, laks, sild eller berre mjølkeprotein i maten i fire veker. Funn: Torskeprotein auka vekst, betra blodsukkerreguleringa, reduserte blodnivået av frie fettsyrer og betra nyrefunksjonen, lakseprotein betra blodsukkerreguleringa og nyrefunksjonen, og sildeprotein reduserte kolesterolnivået og betra nyrefunksjonen sammanlikna med kontrollgruppa som fekk mjølkeprotein. Fire artiklar er publiserte så langt, og dei finn du her: torskeprotein og blodsukker   torskeprotein og nyrefunksjon   sild, laks og blodsukker    sild, laks og nyrefunksjon . For å sjå pressedekninga av artiklane: Fiskeribladet   

 

Fiskeproteinstudiene 2015-2020

Dette prosjektet består av to kliniske studier og eit rottestudie. To stipendiatar tok doktorgrad på desse prosjekta, og du kan lese intervju med dei på forskning.no og iLaks.no

COD-2016: Vaksne med normal BMI og som har minst to treningsøkter per veke.

GRIPE: Helseeffekter av kolmule i sykehjemsbebuarar i Bergen kommune. Kolmule er ein liten torskefisk som er lite nytta til menneskemat. Korleis det gjekk med dei som åt fisk kan du sjå her

FISK-2015: Unge rotter med fedme fekk kolmuleprotein i maten i 5 veker. Dette hadde god effekt på kolesterolnivået og blodtrykket i desse rottene.

 

Sunn og Frisk (FINS, arbeidspakke 2)

Finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens Forskningsfinansiering.

I arbeidspakke 2 gjennomførte vi ein klinisk studie og tre rotteforsøk:

Vaksne med overvekt eller fedme åt laks eller torsk til middag i 12 veker. Resultata fra studien er ikkje publiserte enno.

Rotter med fedme fekk laksefillet eller torskefillet i maten i 4 veker. Fem artiklar er publiserte så langt:

Rotter som fekk laks hadde lågare kolesterolnivå, høgare triglyseridnivå som kom fra laksefettet, lågare blodtrykk og betre nyrefunksjon. Vi fann og at desse feite rottene hadde annleis aminosyreprofil og vitaminstatus samanligna med slanke rotter.

Rotter som fekk torsk hadde lågare kolesterolnivå, truleg på grunn av lågare kolesterolproduksjon i lever.

Unikard  Offisiell heimeside for prosjektet

 

HypTor

Utvikling av ombordprodusert fiskemel for et humant konsummarked. Eit samarbeid mellom Møreforsking, Nofima, Halstensen Granit, Strand Rederi, Norsk Sjømatsenter AS og Universitetet i Bergen. Finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens Forskningsfinansiering.

Eit rotteforsøk vart utført for å samanlikne fiskemjøl fra fabrikktrålarane Granit og Havstrand på blodtrykk i rotter med fedme. Vi fann at presskakemjøl laga av avskjær fra Havstrand var det mest effektive for å hindre blodtrykksauke i desse rottene, truleg ved å hemme aktiviteten til renin-angiotensin-systemet.

 

DodreMarin

Det beste fra to verdener; Optimal blanding av Nordatlantisk Pelagisk olje og Norsk Dodreolje for det nasjonale og internasjonale helsekostmarkedet. Eit samarbeid mellom Nofima, Norsk Matraps SA, Polarol, Eurofin, Vedde TripleNine, Sculler og Universitetet i Bergen. Ein rottestudie og ein klinisk studie vart gjennomført ved UiB. Resultata frå desse forsøka er ikkje publiserte enno.

 

WHITEFISH (arbeidspakke 5)

Unlocking novel product possibilities and barriers for commercial utilization of whitefish residual raw materials onboard factory trawler.

Eit samarbeid mellom Nofima, Halstensen Granit AS, Seagarden AS, Minipro AS, Norsk Sjømatsenter AS, Institute of Food Science, Technology & Nutrition i Madrid, Institutt for energiteknikk på Kjeller og Universitetet i Bergen.

I denne arbeidspakka har vi nyleg gjennomført ein rottestudie og vi har planlagt ein musestudie i 2021.

 

Hvitfiskmelstandard

Økt verdiskapning og standardisering av hvitfiskmel fremstilt basert på restråstoff om bord i norske fabrikktrålere. Prosjektleder: Nofima. Meir informasjon kjem.

 

Publikasjoner/publications

Helland A, Bratlie M, Hagen IV, Midttun Ø, Sveier H, Mellgren G, Ueland PM, Gudbrandsen OA. Effect of high intake of cod or salmon on serum total neopterin concentration: a randomised clinical trial. Eur J Nutr. 2021 Feb 12. [Epub ahead of print] pdf

Bratlie M, Hagen IV, Helland A, Erchinger F, Midttun Ø, Ueland PM, Rosenlund G, Sveier H, Mellgren G, Hausken T, Gudbrandsen OA. Effects of high intake of cod or salmon on gut microbiota profile, faecal output and serum concentrations of lipids and bile acids in overweight adults: a randomised clinical trial. Eur J Nutr. 2020 Oct 27. [Epub ahead of print] pdf

Rønnevik AK, Gudbrandsen OA. Substitution of high-dose sucrose with fructose in high-fat diets resulted in higher plasma concentrations of aspartic acid, cystine, glutamic acid, ornithine and phenylalanine, and higher urine concentrations of arginine and citrulline. Nutr Res. 2020 Jul;79:100-110 pdf

Bratlie M, Hagen IV, Helland A, Midttun Ø, Ulvik A, Rosenlund G, Sveier H, Mellgren G, Ueland PM, Gudbrandsen OA. Five salmon dinners per week were not sufficient to prevent the reduction in serum vitamin D in autumn at 60° north latitude: a randomised trial. Br J Nutr. 2020 Feb 28;123(4):419-427 pdf

Drotningsvik A, Oterhals Å, Mjøs SA, Vikøren LA, Flesland O, Gudbrandsen OA. Effects of intact and hydrolysed blue whiting proteins on blood pressure and markers of kidney function in obese Zucker fa/fa rats. Eur J Nutr. 2021 Feb;60(1):529-544 pdf

Vildmyren I, Halstensen A, McCann A, Midttun Ø, Ueland PM, Oterhals Å, Gudbrandsen OA. Effect of Cod Residual Protein Supplementation on Markers of Glucose Regulation in Lean Adults: A Randomized Double-Blind Study. Nutrients 2020;12:1445 pdf

Von Volkmann HL, Brønstad I, Fiskerstrand T, Gudbrandsen OA. Comparison of pre-analytical conditions for quantification of serotonin in platelet-poor plasma. Pract Lab Med. 2019 Sept 19;17:e0013 pdf

Gudbrandsen OA, Dankel SN, Skumsnes L, Flølo TN, Folkestad OH, Nielsen HJ, Våge V, Mohn AC, Nedrebø BG, Sagen JV, Fernø J, Mellgren G. Short-term effects of Vertical sleeve gastrectomy and Roux-en-Y gastric bypass on glucose homeostasis. Sci Rep. 2019 Oct 15;9(1):14817 pdf

Hagen IV, Helland A, Bratlie M, Midttun Ø, McCann A, Sveier H, Rosenlund G, Mellgren G, Ueland PM, Gudbrandsen OA. TMAO, creatine and 1-methylhistidine in serum and urine are potential biomarkers of cod and salmon intake: a randomised clinical trial in adults with overweight or obesity. Eur J Nutr. 2020 Aug;59(5):2249-2259 pdf

Drotningsvik A, Midttun Ø, Vikøren LA, McCann A, Ueland PM, Mellgren G, Gudbrandsen OA. Urine and plasma concentrations of amino acids and plasma vitamin status differ, and are differently affected by salmon intake, in obese Zucker fa/fa rats with impaired kidney function and in Long-Evans rats with healthy kidneys. Br J Nutr. 2019 Aug 14;122(3):262 pdf

Hovland IH, Leikanger IS, Stokkeland O, Waage KH, Mjøs SA, Brokstad KA, McCann A, Ueland PM, Slizyte R, Carvajal A, Mellgren G, Remman T, Høgøy I, Gudbrandsen OA. Effects of low doses of fish and milk proteins on glucose regulation and markers of insulin sensitivity in overweight adults: a randomised, double blind study. Eur J Nutr. 2020 Apr;59(3):1013 pdf

Vildmyren I, Halstensen A, Oterhals Å, Gudbrandsen OA. Cod protein powder lowered serum nonesterified fatty acids and increased total bile acid concentrations in healthy, lean, physically active adults: a randomized double-blind study. Food Nutr Res. 2019 Mar 11;63 pdf

Drotningsvik A, Oterhals Å, Flesland O, Nygård O, Gudbrandsen OA. Fish protein supplementation in older nursing home residents: a randomised, double-blind, pilot study. Pilot Feasibility Stud. 2019 Feb 26;5:35 pdf

Vildmyren I, Drotningsvik A, Oterhals Å, Ween O, Halstensen A, Gudbrandsen OA. Cod Residual Protein Prevented Blood Pressure Increase in Zucker fa/fa Rats, Possibly by Inhibiting Activities of Angiotensin-Converting Enzyme and Renin. Nutrients. 2018 Nov 22;10:E1820). pdf

Tjora E, Erchinger F, Engjom T, Aksnes L, Dimcevski G, Gudbrandsen OA. Analysis of lipase activity in duodenal juice. Comparison of an automated spectrophotometric assay to a fluorometric microplate assay, and factors affecting sample stability. Scand J Gastroenterol. 2018 Oct-Nov;53(10-11):1206-1211 pdf

Vikøren LA, Drotningsvik A, Mjøs SA, Mellgren G, Gudbrandsen OA. Salmon Fillet Intake Led to Higher Serum Triacylglycerol in Obese Zucker Fa/Fa Rats But Not in Normolipidemic Long-Evans Rats. Nutrients. 2018 Oct 8;10:E1459 pdf

Drotningsvik A, Vikøren LA, Mjøs SA, Oterhals Å, Pampanin D, Flesland O and Gudbrandsen OA. Water-Soluble Fish Protein Intake Led to Lower Serum and Liver Cholesterol Concentrations in ObeseZucker fa/fa Rats. Marine Drugs. 2018 May 1; 16:149 pdf

Drotningsvik A, Midttun Ø, McCann A, Ueland PM, Høgøy I, Gudbrandsen OA. Dietary intake of cod protein beneficially affects concentrations of urinary markers of kidney function and results in lower urinary loss of amino acids in obese Zucker fa/fa rats. Br J Nutr. 2018;120:740 pdf

Erchinger F, Øvre AKN, Aarseth MM, Engjom T, Brønstad I, Dimcevski G, Gudbrandsen OA, Tjora E. Fecal fat and energy loss in pancreas exocrine insufficiency: the role of pancreas enzyme replacement therapy. Scand J Gastroenterol. 2018 Sep;53(9):1132-1138 pdf

Vikøren LA, Drotningsvik A, Bergseth MT, Mjøs SA, Austgulen MH, Mellgren G, Gudbrandsen OA. Intake of Baked Cod Fillet Resulted in Lower Serum Cholesterol and Higher Long Chain n-3 PUFA Concentrations in Serum and Tissues in Hypercholesterolemic Obese Zucker fa/fa Rats. Nutrients. 2018;10:E840 pdf

Vildmyren I, Cao HJV, Haug LB, Valand IU, Eng Ø, Oterhals Å, Austgulen MH, Halstensen A, Mellgren G, Gudbrandsen OA. Daily Intake of Protein from Cod Residual Material Lowers Serum Concentrations of Nonesterified Fatty Acids in Overweight Healthy Adults: A Randomized Double-Blind Pilot Study. Mar Drugs. 2018;16:E197 pdf

Drotningsvik A, Pampanin DM, Slizyte R, Carvajal A, Høgøy I, Remman T, Gudbrandsen OA. Hydrolyzed proteins from herring and salmon rest raw material contain peptide motifs with angiotensin-I converting enzyme inhibitors and resulted in lower urine concentrations of protein, cystatin C and glucose when fed to obese Zucker fa/fa rats. Nutr Res. 2018;52:14 pdf

Drotningsvik A, Vikøren LA, Mjøs SA, Oterhals Å, Pampanin D, Flesland O, Gudbrandsen OA. Water-Soluble Fish Protein Intake Led to Lower Serum and Liver Cholesterol Concentrations in Obese Zucker fa/fa Rats. Mar Drugs. 2018;16: E149 pdf

Vikøren LA, Drotningsvik A, Mwakimonga A, Leh S, Mellgren G, Gudbrandsen OA. Diets containing salmon fillet delay development of high blood pressure and hyperfusion damage in kidneys in obese Zucker fa/fa rats. J Am Soc Hypertens. 2018;12:294 pdf

Vikøren LA, Drotningsvik A, Bergseth MT, Mjøs SA, Mola N, Leh S, Mellgren G, Gudbrandsen OA. Effects of baked and raw salmon fillet on lipids and n-3 PUFAs in serum and tissues in Zucker fa/fa rats. Food Nutr Res. 2017;61:1333395 pdf

Helland A, Bratlie M, Hagen IV, Mjøs SA, Sørnes S, Ingvar Halstensen A, Brokstad KA, Sveier H, Rosenlund G, Mellgren G, Gudbrandsen OA. High intake of fatty fish, but not of lean fish, improved postprandial glucose regulation and increased the n-3 PUFA content in the leucocyte membrane in healthy overweight adults: a randomised trial. Br J Nutr. 2017 ;117:1368 pdf

Erchinger F, Engjom T, Tjora E, Aksnes L, Dimcevskir G, Gudbrandsen OA. Analysis of amylase in duodenal juice - Automated kinetic spectrophotometric analysis versus manual colorimetric endpoint assay. Pancreatology. 2017;17:182 pdf

Drotningsvik A, Mjøs SA, Pampanin DM, Slizyte R, Carvajal A, Remman T, Høgøy I, Gudbrandsen OA. Dietary fish protein hydrolysates containing bioactive motifs affect serum and adipose tissue fatty acid compositions, serum lipids, postprandial glucose regulation and growth in obese Zucker fa/fa rats. Br J Nutr. 2016;116:1336 pdf

Hagen IV, Helland A, Bratlie M, Brokstad KA, Rosenlund G, Sveier H, Mellgren G, Gudbrandsen OA. High intake of fatty fish, but not of lean fish, affects serum concentrations of TAG and HDL-cholesterol in healthy, normal-weight adults: a randomised trial. Br J Nutr. 2016;116:648 pdf

Erchinger F, Engjom T, Gudbrandsen OA, Tjora E, Gilja OH, Dimcevski G. Automated spectrophotometric bicarbonate analysis in duodenal juice compared to the back titration method. Pancreatology 2016;16:231 pdf

Drotningsvik A, Mjøs SA, Høgøy I, Remman T, Gudbrandsen OA. A low dietary intake of cod protein is sufficient to increase growth, improve serum and tissue fatty acid compositions, and lower serum postprandial glucose and fasting non-esterified fatty acid concentrations in obese Zucker fa/fa rats. Eur J Nutr 2015;54:1151 pdf

Gudbrandsen OA, Kodama, Y, Mjøs SA, Zhao CM, Johannessen H, Brattbakk HR, Haugen C, Kulseng B, Mellgren G, Chen D. Effects of duodenal switch alone or in combination with sleeve gastrectomy on body weight and lipid metabolism in rats. Nutr Diabetes. 2014;4:e124 pdf

Gjessing HR, Nielsen HJ, Mellgren G, Gudbrandsen OA. Energy intake, nutritional status and weight reduction in patients one year after laparoscopic sleeve gastrectomy. Springerplus. 2013;2:35 pdf

Hystad HT, Steinsbekk S, Odegård R, Wichstrøm L, Gudbrandsen OA. A randomised study on the effectiveness of therapist-led v. self-help parental intervention for treating childhood obesity. British Journal of Nutrition 2013;110:1143 pdf

Vikøren LA, Nygård OK, Lied E, Rostrup E, Gudbrandsen OA. A randomised study on the effects of fish protein supplement on glucose tolerance, lipids and body composition in overweight adults. British Journal of Nutrition 2013;109:648 pdf