Hjem
Norsk som andrespråk

Forskingsprosjekt i Norsk som andrespråk

ASKeladden

ASKeladden - morsmålstransfer i norsk innlærarspråk - ei korpusbasert tilnærming. Det overordna føremålet har vore å undersøkja korleis morsmålet påverkar innlæringa av norsk som andrespråk basert på nyare teoretiske tilnærmingar og korpusbaserte metodar. Prosjektet har vore leia av professor Kari Tenfjord og professor Anne Golden. Ei rekkje masterstudentar, stipendiatar og eksterne forskarar frå inn- og utland har vore tilknytt prosjektet. http://www.uib.no/fg/askeladden

 

NORSK ANDRESPRÅKSKORPUS - ASK

Studiane i ASKeladden har  brukt det elektroniske korpuset ASK (Norsk andrespråkskorpus) som vart ferdigstilt i 2006 og er utvikla ved Universitet i Bergen. Korpuset inneheld  tekster skrivne av kandidatar som har gått opp til to ulike testar i norsk: Språkprøven i norsk for vaksne innvandrarar og Test i norsk - høgare nivå. Kandidatane representerer 10 ulike morsmålsgrupper. ASK er nytta som kjelde til data i mange studiar i norsk som andrespråk, mellom anna masteroppgåver og ph.d.avhandlingar. Ein må søkja om å få nytta ASK-korpuset: http://clarino.uib.no/ask/ask

 

GRAMMATIKKEN I ANDRESPRÅKSPEDAGOGIKKEN

Prosjektet, som er under utvikling, har som mål å prøva ut tilnærmingar til fokus på form i andrespråksundervisninga, som kan fremja automatisering av språkferdigheiter. Fokuset vil vera på å prøva ut innfallsvinklar til grammatikkundervisning som fremjar implisitt læring, og også å undersøka kva innlærarane sjølve tenker om denne måten å læra på. Prosjektdeltakarane er vitskapeleg tilsette i norsk som andrespråk ved LLE, UiB (både tilsette ved norskkursa for utanlandske studentar og ”lærarutdanningsfaget”), og prosjektleiar er førsteamanuensis Ingvild Nistov. Prosjektet har fått støtte frå Utdanningsdirektoratet, Region Vest under satsinga ”Det flerkulturelle området”.

 

DOKTORGRADSKANDIDATAR

Fagmiljøet har også fleire doktorgradsstipendiatar/doktorgradskandidatar:

Silje Ragnhildstveit: «Genuskongruens og L1 transfer i norsk innlærerspråk. En korpusbasert studie»  («Gender agreement and L1 transfer in L2 Norwegian. A corups-based study»): [http://www.uib.no/fg/askeladden/21609/silje-ragnhildstveit]

Marte Nordanger: «Definiteness in L2 Norwegian narratives»: [http://www.uib.no/fg/askeladden/22652/marte-nordanger]

Nina Schjetne: «Spor av språkbrudd - en studie av språklig -og skriftspråklige ferdigheter hos utenlandsadopterte barn i 5. klasse på barneskolen». (Traces of language switch - a study of literacy skills in internationally adopted children in the fifth grade at elementary school).

Karoline Haugsvær: «Obligatorisk avsluttende norskprøve - en inngangsbillett til arbeidsmarkedet for voksne innvandrere? En testteoretisk undersøkelse av den nye norskprøvens prediktive validitet»