Hjem
Arabisk
språk

Omsetjing - ikkje berre språk

Ein omsetjar har stor makt over teksten som blir omsett, og med det følgjer også mykje ansvar, meiner arabiskprofessor ved UiO, Gunvor Mejdell.

Professor i arabisk ved UiO, Gunvor Mejdell.
Foto/ill.:
Elisa Kolle

Hovedinnhold

Mejdell legg vekt på at ein ikkje berre står ovanfor språklege utfordringar i omsetjingsarbeidet, også kulturelle faktorar er viktig.

- Omsetjing er også fortolking, og omsetjaren har stor makt til å påverke lesaren si fortolking av teksten. I arbeidet må ein heile tida ta val, og dei vala ein tar vil ha konsekvensar for lesaren si oppleving av den omsette teksten, fortel ho.

Til dømes kan ein sjå på korleis kvinner blir omtalt. I skildringar brukar ein ofte mykje adjektiv, og mange av desse kan tilsynelatande vere svært like. Likevel kan skildringa bli farga i ei retning når ein vel det eine framfor det andre.

- Teksten får ein annan valør i lesaren si oppfatning enn om ein hadde valt ein annan måte å skildre personen på, seier Gunvor Mejdell.

Språk- og kulturforskjellar

Ein annan ting professoren trekkjer fram som relevant når ein omset mellom to språkkulturar med stor grad av ulikheit,  er om ein skal domestisere teksten eller halde fast på det som er framand og ukjent. Her er «in sha(a)llah» eit klassisk døme, ein kan velje å bruke dette i den omsette teksten, eller ein kan bruke noko som er meir kjent i målspråket, i dette tilfellet «om Gud vil». Ein må heile tida vekte det å ta vare på kjeldeteksten sitt særpreg mot det å gjere seg forstått på målspråket.

Men her ser ein også at språk- og samfunnsendringar slår inn, i det globaliserte samfunnet er kanskje ikkje alt like framand lenger . Eit uttrykk som «hijab» ville vore ukjent i Noreg for ei tid tilbake, medan det i dag er relativt kjent. Språket endrar seg heile tida, og omsetjaren må tilpasse seg desse endringane.

Færre arabiske bøker på norsk

Mejdell oppfordrar både arabiskstudentar og andre språkkyndige til å ta tak i arabiske tekstar.

- Diverre er det vanskeleg å få gitt ut omsett arabisk litteratur i dag, i forlagsbransjen som overalt elles i samfunnet er det auka krav til lønsemd. Men vi kan alle bidra til å få denne litteraturen til Noreg ved å skape merksemd om det, skrive omtalar, omsetje eit kapittel av ein relevant tekst og sende det til eit forlag, seier ho.

Eit politisk ansvar

Professoren meiner at arabiskkyndige kan spele ei viktig rolle i politisk betente situasjonar, og nemner til dømes uroa for nokre år tilbake der det vart hevda at palestinsk barne-tv framstilte jøder i eit dårleg lys.

- Her er det viktig å gå inn med eit nøkternt blikk og sjå på kva som faktisk blir sagt. Ein må spørje seg om det er representativt og sjå på valøren i ytringane. Eg meiner at ein har eit ansvar for å kontrollere at ting ikkje blir tatt ut av kontekst, seier Mejdell.

Ho trekkjer også fram MEMRI, ein pro-israelsk organisasjon som mellom anna overvaker og omset nyhende frå Midtausten.

- Arabiskkyndige kunne varsle om at MEMRI serverte partiske nyhende til internasjonale media, og åtvare mot ukritisk bruk av denne informasjonen, fortel professoren.

Nye media

I seinare tid har også nye arenaer for kulturutvekslingar opna seg gjennom sosiale media. Gunvor Mejdell synest det ville vere svært interessant om nokon gjekk inn og omsette til dømes politiske bloggar.

- Litterære og politiske ytringar i sosiale media gir mykje  temperatur og farge, dei tar situasjonane på pulsen direkte. Når tekstar kjem i bokform har dei vore gjennom ein prosess og kanskje til og med sensur. Det er noko anna i bloggane, der kan me følgje utviklinga der det skjer når det skjer – det er forfriskande å lese!