Hjem
Engelsk

Har vore på utveksling i både USA og England

Nikoline er masterstudent i engelsk litteratur, men har også funne glede og engasjement i den lingvistiske delen av studiet. Ho opplever studiemiljøet som både inkluderande og engasjerande.

Sjølv om folk kan vere litt beskjedne når dei først tek til på universitetet, er det tilnærma umogeleg å ikkje få vener, og eg har trivest veldig godt i mine år på universitetet.

Nikoline har alltid vore oppteken av engelsk, og spesielt engelskspråkleg litteratur. Derfor blei det eit naturleg val for henne å gå vidare med dette. Ho ferdigstilte bachelorgraden våren 2013, og er no i sitt andre semester som masterstudent med spesialisering i engelsk litteratur.

– Eg trur på det å studere det ein brenn mest for.

Sidan Nikoline alltid har visst at ho ville spesialisere seg innan litteratur, har ho opplevd todelinga av bachelorgraden som både posititv og negativ. I starten tenkte ho at det var litt overflødig å studere lingvistikk.

– Då eg tok til med faga, derimot, opplevde eg at fleire av dei fekk meg til å tenkje på språk på ein ny måte, og gav meg kunnskap eg er takksam for i ettertid.

Opplevinga av faga på masternivå er svært positiv. På dette stadiet kan ein velje å fordjupe seg heilt i spesialiseringa si.

– Eg har eit lite ynske om at UiB skal tilby fleire fag, slik at ein kan velje å til dømes spesialisere seg innan britisk eller amerikansk litteratur, men likevel har eg synstfaga har vore både utfordrande og spanande.

– Studiemiljøet på UiB er veldig bra, og eg har spesielt trivest på masterlesesalen til Institutt for framandspråk. Der er det veldig god stemning, og folk tar initiativ til sosiale aktivitetar, og det hjelper sjølvsagt at ein har ei komfortabel sofagruppe der ein kan ta pause. Sjølv om folk kan vere litt beskjedne når dei først tek til på universitetet, er det tilnærma umogeleg  å ikkje få vener, og eg har trivest veldig godt i mine år på universitetet.

Både engelsken og kulturforståinga har betra seg

Nikoline har vore på utveksling to gonger i løpet av studietida si. På engelsk blir ein sterkt oppmoda om å reise ut.

– Det tredje året av bachelorgraden min var eg i Albany i staten New York i eitt år, og der fekk eg verkeleg kome nært inn på amerikansk kultur.  Der tok eg frie studiepoeng, og fekk prøve meg i nye retningar som skodespelarteknikk og aktteikning. Det tykte eg var ei veldig givande fagleg oppleving.

– Det sosiale er jo ein stor del av det å vere på utveksling, og i Albany fekk eg vener frå heile verda, og har besøkt fleire av dei i ettertid.

Nikoline fekk nytta høvet til å sjå meir av USA då ho var der, og har besøkt storbyar som New York City, Boston, Washington D.C. og New Orelans.

– Det var veldig gøy å bu i eit land som er så likt Noreg, men samtidig så ulikt på mange punkt, sjølv om det kunne by på mange utfordringar.

For tida er Nikoline på utveksling ved University of York, Nord-England, og trivst godt med det. Det faglege nivået er høgt, og ho kjenner at ho får utfordra seg sjølv.

– Universitetet i seg sjølv er kjempefint, professorane er verkeleg investerte i at du skal gjere det bra, og britar er veldig opne og hyggjelege. York er også ein nydeleg by med mange gode restaurantar og pubar, og det er kort veg til større byar som Leeds og Manchester.

Ho har oppdaga at England passar henne betre enn USA, men er glad for at utvekslingstilbodet har gitt henne høve til å reise både på bachelor- og masternivå, og at ho har fått oppleve to så ulike land.

– Eg føler at både engelsken og kulturforståinga mi har betra seg mykje, samstundes som eg alt i alt sit att med fine opplevingar.

Yrkesmoglegheiter

– Går ein på Det humanistiske fakultetet, må ein vere komfortabel med tanken på at det ikkje nødvendigvis finst ein definert jobb som ventar på deg når du er ferdig med studiane, og heller lære seg å "skape sin eigen jobb" og verkeleg framheve den kunnskapen ei humanistisk utdanning gir deg.

Nikoline har lært seg at å sjå engelskkompetansen som ein styrke som kan nyttast innan mange felt, og innsett at evna til å ta til seg store mengder informasjon, analysere tekstar og vere komfortabel med å kommunisere på to ulike språk kan lede til mange ulike jobbar.

– Då eg begynte på bachelorutdanninga, hadde eg veldig lyst til å blir professor innan engelsk litteratur, noko eg framleis håpar på å klare om eg kjem meg gjennom nålauget. Eg er også interessert i forlagsbransjen, og i det å skrive, anten det er for tidsskrift eller meir skjønnlitterært. Eg trur likevel at eg kjem til å bli nøgd så lenge eg får brukt det eg har lært, og får jobbe med engelsk ei ein eller annan forstand.

Undervegs i utdanninga har Nikoline fått nytte av kunnskapen sin i fleire ulike deltidsjobbar. Ho blei leigd inn som sensor ved norskeksamen i USA, ein jobb ho fekk fordi ho hadde bakgrunn innan engelsk omsetjing. Om sommaren jobbar ho som guide på eit friluftsmuseum, der språkutdanninga har vore til hjelp for å få stillinga. Ho jobbar også for eit forlag der ho skriv marknadsrapportar om engelske bøker.