Hjem

Fransk

Motivert læring

– Eg har hatt fantastiske lærarar i fransk som har vist meg kor gøy det kan vere å studere språk. På sikt håpar eg å kunne gjere det same for andre.

I tredje semester var vi sju veker i Caen. Ein del av opplegget var å lese franske aviser. Det lærte vi mykje av!

– Fransk opnar for kommunikasjon med folk i ulike land. På studiet har vi både om grammatikk, litteratur og historie. Eg likar særleg å lære om samfunn og politikk i Frankrike. I 3. semester var vi sju veker i Caen, nord i landet. Ein del av opplegget var å lese franske aviser. Det lærte vi mykje av! Etter jul skal eg vere eit heilt semester i Lyon.

Den som kjenner ein, kjenner ingen

Ingelin går tredje året på lektorutdanninga, og skal etter kvart ta mastergrad i fransk. No studerer ho religions­vitskap. I integrert lektorutdanning studerer ein to ulike fag som ein seinare kan undervise i.

– Å studere fransk gjer at eg forstår språk betre generelt sett. Det gjer meg for eksempel meir medviten på korleis eg brukar norsk. Det er som Max Müller sa: «Den som kjenner ein, kjenner ingen». På same måte gjer religions­vitskap, der vi studerer ulike religionar, at eg forstår meg sjølv og min eigen ståstad betre.

– Religionsvitskap klarar opp vanlege misforståingar knytta til generaliseringar, seier Ingelin. Som lærar ønsker ho å formidle til elevane at det innanfor ei religiøs gruppe er eit stort mangfald. Ho meiner meir kunnskap kan hindre framandfrykt.

Lærarrolla

– Det kjem nok til å bli krevjande, spennande og veldig kjekt å vere lærar. Dei gongane du ser at det går eit lys opp for elevane, eller du ser at du gjer ein forskjell, trur eg ­kjennest veldig godt.

Ingelin har vore i skolen og observert andre lærarar. Når ho begynner på master, skal ho ut i praksis og prøve seg som lærar sjølv. Dei som går på integrert lektorutdanning tar fagspesialiseringar samstundes som dei studerer pedagogikk og didaktikk. Ingelin seier at dette gjer at studiet kan vere litt travelt, men at fordelen er at dei er ferdig utdanna lektorar på fem år i staden for seks.

Cubansk salsa på bryggekanten i Bergen

– På fritida likar eg å danse salsa på Verftet eller ein annan utestad kor dei arrangerer salsakveldar. Her møter eg ­andre studentar, men òg andre danseglade folk frå 20 til 70 år, seier Ingelin. Ho gjekk tidligare på ulike dansekurs som Bergenstudentenes Allianseidrett (BSI) arrangerar.

– Det var cubansk salsa eg likte best og som eg har fortsett med, fortel ho.


Les meir: