Hjem

Fransk

News

Kjersti Fløttum æresdoktor i Uppsala

Professor Kjersti Fløttum på franskfaget ved Universitetet i Bergen blir æresdoktor ved Uppsala universitet i Sverige.

Professor Kjersti Fløttum ved Universitetet i Bergen
Foto:
Arve Kjell Uthaug

Samstundes med Fløttum er òg professor David Denison frå University of Manchester untnemnt til æresdoktor ved det språkvitskaplege fakultetet i Uppsala.

 

Polyfoni

Instituttleiar Leiv Egil Breivik ved Institutt for framandspråk, UiB, sluttar seg til gratulantane, og strekar under at det står respekt av den utmerkinga Fløttum har fått. 

- Ho kan visa til ein omfattande vitskapleg produksjon i internasjonale publiseringskanalar, med fokus på akademisk og politisk diskurs, seier Breivik og framhevar særleg Fløttums viktige bidrag til den språklege polyfoniteorien, som takk vere hennar innsats har fått ei sentral stilling innan den skandinaviske romanistikken.

- Utmerkinga er med på å visa at fransk og andre språkfag ikkje ligg på sotteseng. Fløttum er også i godt selskap som æresdoktor ved språkvetenskapliga fakulteten ved Uppsala universitet. David Denison er eit stort namn innanfor engelsk språkvitskap, seier Breivik.

 

Klimaspråk

I ei pressemelding på heimesidene til Uppsala universitet heiter det:

"Kjersti Fløttum är verksam inom text och genreteori, semantik och pragmatik. Hon har givit tungt vägande bidrag till utvecklingen av den språkliga polyfoniteorin, som tack vare hennes insatser fått en central ställning inom den skandinaviska romanistiken. Hon har en rik vetenskaplig produktion, särskilt med inriktning mot akademisk och politisk diskurs. Utöver ett stort antal artiklar har hon givit ut fyra monografier. Fløttum har också lett stora internationella tvärvetenskapliga forskningsprojekt med inriktning mot samhällsrelevanta frågor, såsom språkanvändning i klimatfrågan och integrationsfrågan i Europa."