Hjem
Historie

Mellomalderhistorie og tidleg moderne tid

Flyfoto av by
Palmanova, Italia
Foto/ill.:
Flyfoto

Hovedinnhold

Mellomalderhistorie har eit breitt tematisk, tidsmessig og geografisk spenn. Det blir rettleia i emne frå norsk, skandinavisk og europeisk mellomalder, men også ikkje-europeisk blir via merksemd. Tidsmessig er hovudfokuset på den tradisjonelle forståinga av mellomalderen, frå kring 500 til 1500, men i mange høve er det naudsynt å gå utover desse periodekonstruksjonane – både bakover i tid til antikken og framover til tidleg moderne tid. Tematisk er det mogeleg å få rettleiing i ei rekkje emne, og studenten blir oppmoda til sjølv å kome med innspel til masteroppgåver. For dei som i utgangspunktet har ei interesse for perioden, vil det vere mogeleg å ta utgangspunkt i fleire problemstillingar som i større eller mindre grad går inn i instituttets mellomalderforsking.

Perioden tidleg moderne tid, 1500–1800, spenner frå store oppdagingar og kolonisering, reformasjon og statsbygging, folkevekst og nye næringar, til sterke einevaldsregime, verdshandel og sosial polarisering, og vidare til opplysnings- og revolusjonstid med begynnande liberalisering, demokratiutvikling og allmenne menneskerettar. Alle som vil henta emne til masteroppgåva i denne perioden, er velkomne til seminaret. Seminaret har ei viss tyngd på felta under, men dersom det høver, er det òg rom for større emnemessig spreiing. Hovudverksemda på seminaret er konsentrert om manuskriptdiskusjonar. Det overordna føremålet med seminaret er at kvar student skal få innspel til arbeidet sitt både frå medstudentar og lærarar. Mykje læring skjer òg gjennom diskusjon av manuskript som andre legg fram. Det er difor ein føresetnad at deltakarane møter fast på seminaret og tek aktivt del i dei faglege diskusjonane der.

Her finn du moglege tema:

Mellomalderhistorie 

Den eldste norske historieskrivinga

Kontaktperson: (alle)

Dette dreier seg sjølvsagt om dei norrøne sagaene, med Snorres kongesagaer som dei viktigaste, men korpuset er langt meir omfattande og inkluderer blant anna historieskriving på latin og helgenskildringar. Dette materialet legg grunnlaget for ei rekkje masteroppgåver, gjerne komparative, som då vil undersøkje karakteristiske trekk ved den eldste norske historieskrivinga. Kva type forteljingar blir skrive fram? Kva litterære og retoriske verkemiddel tek forfattarane i bruk? Kva historiesyn ligg under framstillingane? Det er også mogeleg å kombinere analysar av historieskrivingas form med gransking av sentrale tematikkar i historieverka – frå kongar og krig til, i samtidas forståing, meir marginale fenomen.

Byhistorieskriving

Kontaktperson: (alle)

Den tidlegaste byhistorieskrivinga i Noreg i tidleg moderne tid hadde sitt opphav i byar, i all hovudsak Bergen. Der mellomalderens sagahistorier var nasjonal – eller kanskje rettare dynastisk – i orientering, hadde historieskrivinga i tidleg moderne tid ei lokal forankring. I Bergen vaks det på 1500-talet fram eit korpus av byhistorier som tematiserte både fortid og samtid – ikkje minst byens utfordringar i møte med Hanseatane. Ei masteroppgåve med utgangspunkt i den bergenske byhistorieskrivinga kan for eksempel krinse kring representasjonen av hanseatane, men den kan også ta opp andre emne slik som forteljingar, retoriske verkemiddel og historiesyn. Det er også mogeleg å utvide perspektivet utover Bergen og inkludere andre delar av den lokalhistorisk forankra norske historieskrivinga i tidleg moderne tid.  

Hanseatisk handelsnettverk

Kontaktperson: Geir Atle Ersland.

I norsk historieskriving har det hanseatiske handelsnettverket til tider fått mykje merksemd. Tradisjonell norsk historieskriving om hanseatane har dreia seg som hanseatane som ei økonomisk- og politisk makt som representerte eit hinder for norske interesser og utvikling. Med bakgrunn i det store kjeldematerialet som finst om norsk-hanseatiske relasjonar, både i trykte samlingar og som originalt arkivmateriale, ligg mykje til rette for å studera fleire av kontaktflatene mellom hanseatanes handelspolitiske organisasjon og samfunna omkring Auster- og Nordsjøen. Aktuelle område for masteroppgåver er hanseatanes rettskultur, organisasjonsnivå og deira kulturelle interaksjon med bysamfunna der dei var aktive. Dei som ønskjer å skriva masteroppgåver innan dette feltet må rekna med å arbeida med trykte og uttrykte kjelder i hovudsak frå perioden ca. 1400 til 1750. Innsyn og sans for eldre språk som nedertysk, dansk-norsk frå perioden og moderne tysk, er ein føresetnad. Kontaktperson: Geir Atle Ersland.

Mellomalderens debattkulturar

Kontaktperson: Leidulf Melve

Medan debatt og diskusjon i ulike fora er nesten sjølvsagt i dag, var stoda ganske annleis i mellomalderen. Dette emnet har som mål å granske føresetnadene for debatt og diskusjon i mellomalderen, men også analysere korleis debattar føregjekk i ulike kontekstar og fora. Ei masteroppgåva kan for eksempel ta for seg kommunikasjon, inkludert nettverksanalyse. Alternativt er det mogeleg å granske tilhøvet mellom (kommunikative) føresetnader for debatt og den faktiske diskusjonen – til dømes på tingforsamlingane. Ei anna vinkling er å analysere ein av dei mange (meir eller mindre) offentlege debattane som føregjekk på det europeiske kontinentet gjennom heile mellomalderen.

Den globale middelalderen

Kontaktperson: Leidulf Melve

Frå midt på 1200-talet byrja reisande frå Europa og ta seg austover, i første rekkje inn i det mongolske riket. Seinare gjekk reisa endå lengre, med Marco Polos reiser langs Silkevegen som det mest kjente eksempelet. I tilknyting til reisene vart det i mange høve forfatta det me  kan kalle reiseskildringar – framstillingar som skildrar reisa og, ikkje minst, møtet med framande kulturar og sivilisasjonar. Dette korpuset med reiseskildringar, frå 1250 og til utpå 1400-talet, legg grunnlaget for masteroppgåver som utforskar kulturmøtet mellom det europeiske og det ikkje-europeiske. Det er også mogeleg å utvide perspektivet til å nytte ikkje-europeiske kjelder, blant anna kinesiske reiseskildringar frå same periode.

Tidlig moderne tid

Religion – undertrykking og toleranse

Kontaktperson: Gunnar W. Knutsen

Religionen gjennomsyret alt i det tidlig moderne Europa. Politikk, krigføring, filosofi, kultur og endog handel ble påvirket. Det er derfor mange muligheter for å skrive masteroppgaver knyttet til religionens rolle i samfunnet. Dette var en tid med religiøs intoleranse, Inkvisisjonens storhetstid i de katolske landene. De religiøse minoritetene – spesielt jødene, men også andre som armenere – dannet gjennom sine diasporaer internasjonale handelsnettverk. Parallelt med undertrykkingen, religionskrigene og intoleransen vokste en slags toleranse frem i Nederlandene og i Det osmanske riket. Den protestantiske reformasjonen kom også til å forvandle Norge, og var nært knyttet til tapet av egne politiske organer i 1537. Også i Norge ble katolikker forfulgt, og en håndfull dramatiske rettssaker er kjent.

Krig – privatisering og statsbygging

Kontaktperson: Gunnar W. Knutsen

Dette var en tid med nesten kontinuerlig krigføring i Europa. Krigen var delvis privatisert: Regimentseiere leide ut sin regimenter til fyrster som trengte soldater, og kapere drev legalisert sjørøveri mot fiendens sjøfart. Soldatene beveget seg også, og skandinaviske soldater gikk i engelsk tjeneste i India og spansk tjeneste i Europa. Her finnes flere mulige masteroppgaver, for eksempel om norske skip oppbragt av nederlandske kapere, dansk-norsk kaper-diplomati og kaperfart fra Norge.

Et av de sentrale trekkene ved europeisk statsutvikling på 1600-tallet er fremveksten av store stående hærer. En stående hær forandrer forholdet mellom staten og innbyggerne. Hæren krever skatter og soldatene gir staten middelet den trenger for å tvinge folk til å betale. Derfor er det ingen overraskelse at statene ekspanderte og skattetrykket økte samtidig som hærene vokste. Hva som var årsakene til veksten, om det var de økte hærene som drev statens ekspansjon, eller om det var de sterke statene som kunne organisere store hærer, er et av de mest diskuterte temaer. De store hærene så også tekniske og taktiske endringer i bruken av skytevåpen og befestninger. Her er det mulig å skrive historiografiske oppgaver ettersom det finnes en omfattende litteratur på mange språk.

Trolldom

Kontaktperson: Gunnar W. Knutsen

Et av de mest særmerkete fenomenene i denne perioden var trolldomsprosessene, rettssaker mot menn og kvinner som var anklaget for å manipulere overnaturlige krefter med djevelens hjelp. Vi kjenner drøyt 800 saker i Norge. Mulig emner her kan være mestermannens (bøddelens) rolle, menn som anklagede, eller et forsøk på plassere disse rettssakene i en lokal kontekst ved å se på andre rettssaker i samme bygd. Det er også mulig å sammenlikne deler av Norge med andre land, slik som Danmark eller Tyskland.

Byhistorie – komparativ byhistorie

Kontaktperson: Arne Solli

Urbaniseringa i tidleg moderne tid er kjenneteikna av ny vekst, både nye byar og sterk vekst i byane etablert i mellomalderen. I perioden var statsmakta var sterkt involvert i mange byetableringar, men samstundes som byane hadde stor autonomi (sjølvstyre) på fleire felt. Studie av byen og bysamfunn («Urban history») opnar for mange ulike tema for masteroppgåver, innan kulturhistorie, økonomisk, sosial, demografisk og politisk historie.

Underskotet på komparativ byhistorie er stor, særleg i Norge. Derfor er det ønskjeleg med tema og problemstillingar der ein samanliknar urbaniseringsprosessar og bysamfunn. Kva faktor låg bak byvekst? Kva utfordringar skapte veksten og korleis forsøkte personar, sosiale grupper, by og stat å løyse desse? Oppgåvetema kan ta utgangspunkt i byråkrati og offentlege tenester (byingeniør, bygningsvesen, utdanning, velferd, borgarvæpning), ordningar for å støtte både privat økonomi (børs, kreditt, marknad, byting) og offentleg økonomi, budsjettering og styring (magistrat, kemnar). I mange byar hadde hadde ein liten byelite (storkjøpmenn) stor politisk og økonomisk makt, men i løpet av 1700-talet blei desse utfordra nedanfrå. Studie av representative byorgan (eligerte menn), byopprør og folkelege politiske aksjonar i byane er særleg velkomne.

Historisk demografi – aktiv familiepolitikk

Kontaktperson: Arne Solli

Historisk demografi er studie av storleik, samansetning og endringar av befolkningar. I studie av historiske befolkningar har ein ofte som mål å forklare samanhengar mellom befolkningsendringar økonomi, sosiale og politiske endringar. I eit langtidsperspektiv er statens rolle for befolkningsendringar interessant, frå kontroll av giftermål, tiltak for reduksjon av mortalitet, først avgrensing av fødselstal (barnebegrensing) seinare oppmuntring til familieetablering og ein aktiv familiepolitikk.

Gjennom prosjektet «National Historical Population Register for Norway» (1800–1950) er nye omfattande forskingsdata tilgjengeleg for Norge. NAPP (North Atlantic Population Project) tilbyr forskingsdata for Vest-Europa med vekt på 1800-talet. Kunnskapen om befolkningsendringar på landsbygda i Norge er god, og det blir oppfordra til å studere byfolkingar i Norge og Vest-Europa.

Sør og sentraleuropeisk historie

Kontaktperson: Stephan Sander-Faes

Periods: Renaissance, Early Modern and Modern European History

Areas: Central and Eastern Europe; Republic of Venice, Habsburg Monarchy

Themes: Fiscal-Financial Institutions, State Formation, Political Economy, Economic and Social History, Administrative History from Seigneurial Domination to the Modern “Institutional State” (Max Weber), “Little Divergence”, Urban History, Rural History, Crime History, History of Everyday Life

Approaches: Quantitative History, Transnational and Transimperial History, Entangled History/histoire croisée, Communication and Media Studies, Cultural History, Microhistory