Hjem
Historie
Seminar

Globalhistorie 2013

Status og utfordringar som forskingsfelt og undervisningsfag

Måleri
"Den store bølga ved Kanagawa" av den japanske kunstaren Katsushika Hokusai (1760-1849). Måleriet er frå serien "Dei 36 Fuji-prospekta".

Seminaret er ope for alle!

Globalhistorie

I løpet av dei siste tiåra har ei rekkje sider ved globalhistorias rolle i historiefaget blitt diskutert. Diskusjonane har krinsa kring heilt grunnleggjande spørsmål slik som ‘kva er globalhistorie’ og, ikkje minst, kor global historieforskinga må vere for å kvalifisere som globalhistorie. Andre bidrag har diskutert globalhistorie i ljos av teoretisk-metodiske vurderingar, og då med eit særleg fokus på korleis globalhistorie skal utførast i praksis. Her har utfordringar med omsyn til nivå (lokal, regionalt, nasjonalt og globalt) blitt diskutert i ljos av komparasjon, men også knytt til nyare tilnærmingar slik som transnasjonal historie og kryssande historie (histoire croisée).

Frå dette utgangstpunktet har seminar to målsetjingar: For det første, seminaret ønskjer å kaste ljos over slike teoretisk-metodiske spørsmål frå ei rekkje ulike globalhistoriske – og historiografiske ståstader i dag – etter tiår med diskusjon. Då seminaret er periodeoverskridande og tverrfagleg, vil merksemda også liggje vekt på periode- og disiplinspesifikke utfordringar. Eit grunnleggjande spørsmål vert difor om det finst ein – eller fleire – meir eller mindre sams teoretisk-metodiske plattform(ar) som kan tene som grunnlag for (global)historiografisk dialog.

Ei andre målsetjing er å diskutere forholdet mellom globalhistorie som eit forskingsfelt og den breiare formidlinga av globalhistorie og globalhistoriske emne: Korleis er globalhistorie formidla, og i forlenginga av dette spørsmålet, korleis bør det formidlast? Vekta her er på globalhistorie som undervisningsemne ved universitets- og høgskular, men også på den breiare populærvitskaplege formidlinga av emnet. Eit viktig spørsmål i denne samanhengen vil vere globalhistorias plass i tradisjonelt konservative universitetsstrukturar med fokus på nasjonen, Europa og, ikkje minst, periodisering av historia avleia frå europeiske forhold.

Program

Måndag 30. september

 

10.00                         
Velkommen

 

10.15-11.00               
Jarle Simensen: «Globalhistorie i teori og praksis»

 

11.00-11.45               
Andreas Aase: «Hva er globalhistorie?»

 

12.00-13.00               
Lønsj

 

13.00-13.45               
Gunnar W. Knutsen: «Er globalhistorisk forskning mulig?»

 

13.45-14.30               
Knut Kjeldstadli: «Global migrasjon»

 

14.30-14.45              
Pause

 

14.45-15.30               
Leidulf Melve: «Å skrive bok om globalhistoriografi»

 

15.30-16.15               
Eivind Seland: «Å skrive bok om globalhistorie»

 

16.15-17.00               
Oppsummerande diskusjon

 

19.00                         
Middag på Jacobs

 

 

Tysdag 1. oktober:

 

09.00-09.45               
Oystein LaBianca: «Jordan in Global History: The View from Tall Hisban and the Madaba Plains, Jordan»

 

09.45-10.30               
Nils Anfinset: «Globalarkeologi»

 

10.30-10.45               
Pause

 

10.45-11.15               
Camilla Brautaset: «Globalhistorie 2013: oppsummering»             

 

11.15-11.45               
Avsluttande diskusjon/vegen vidare

 

12.00-13.00               
Lønsj

Dokumenter