Hjem
Historie

Tema for bacheloroppgave HIS250 og HIS250L

mann skirver med fjerpenn
Foto/ill.:
UB

Våren 2020 kan studenter som tar emnet HIS250 og HIS250L Bacheloroppgave i historie velge mellom følgende tema:

Tema 1: Jewish migrations: Sex, Gender and Identity (1880-1939)

Ansvarlig: Joanna Spyra

(Dette temaet er ikke tilgjengelig for HIS250L)

This course explores global Jewish migrations in the time framework from 1880 to 1939 in order to address questions related to mobility, identity, sex, and gender. Each week’s readings will include a series of case studies that will provide an overview of transnational Jewish history and will present different immigrant experiences. The class will begin with an introduction to Jewish history and historiography. We will take a close look at the practicalmeasures needed to conduct historical research. By focusing on Eastern Europe (Bialystok), the US (New York), Argentina (Buenos Aires), the UK (London), Palestine (Tel Aviv), Brazil (Sao Paulo/Rio de Janeiro), and Norway we will link historical analysis of migration with the study of sexuality, gender and identity. We will be using primary as well as secondary sources such as fiction, memoirs, film, poetry, and photography. All elements of this course are designed to sharpen your ability to think critically, analyze information and express yourself effectively in a variety of contexts related to the migration history. This course will introdue you to the way historians think about the intersection of gender, race, religion, social class, and the politics of sex and identity. No particular background is required for this course. 

Tema 2: Frå 1814 til 1905. Norsk politisk kultur og styreform under endring

Ansvarlig: Knut Dørum

(Dette temaet er ikke tilgjengelig for HIS250L)

Korleis vart politisk kultur og styreform endra i tida frå Noreg fekk Grunnlova i 1814 til Noreg skilde lag med Sverige i 1905? Dette er temaet. I 1814 vart eineveldet avskaffa i Noreg etter påtrykk frå norske elitar. Våren 1814 kom 112 nordmenn på Eidsvoll – Riksforsamlinga – til å lage ei ny forfatning som skapa ein politisk revolusjon. Grunnlova av 17. mai slo fast at ei folkevald nasjonalforsamling skulle gi lover og at kongen måtte dele makta si både med folket og domstolane. Den norske forfatninga romma to motstridande prinsipp: læra om at folket skulle ha all makt (folkesuverenitet) og læra om at den politiske makta i hovudsak skulle liggje hos kongen (det monarkiske prinsipp). Forfatninga romma også ei anna motsetning. På den eine sida hegna ho om trykkefridom og rettstryggleik, og på den andre sida mangla ho garantiar for politisk fridom og religionsfridom.

Ein embetsmannsstat prega Noreg frå 1814 til 1884, slik Jens Arup Seip i si tid definerte han. Embetsmennene var einerådande i regjeringa, dei dominerte på Stortinget i tal og i taleevne, og dei hadde stor makt som statens administrasjon. Embetsmennene hadde ikkje minst eit kulturelt hegemoni. Embetsmennene sto fram som dei mest kompetente og dei med best dømekraft. Idealet var at dei burde føre ordet og ta dei viktige politiske avgjerda, og ein framveksande nasjonalisme bidrog ytterlegare til førestillinga om at opposisjon og parti kunne truge nasjonen og føre til at dei ukunnige og uopplyste massane kunne få makta. Norma var at landet best stod seg utan partisystem fram til 1880-åra.

Samstundes er det grunn til å spørje seg om embetsmannsstaten er eit omgrep som dekkjer godt nok. Francis Sejersted har argumentert for at embetsmennene meir styrte etter rettsstatsnormer, og at dei kjende moralsk ansvar for å styre etter lover og regler, garantere rettstryggleik og ytringsfridom, og behandle borgarane likt. Vidare kom embetsmennene til å verne Stortingets makt og prinsippet om folkesuverenitet mot Carl Johans forsøk på å styrke monarkiet.

Korleis kunne den sterke embetsmannsstaten falle i 1884 då partisystem og parlamentarisme vart innførte? Korleis kunne ein opposisjon som til slutt munna ut i Venstre, knuse eit politisk system og innføre eit nytt? Nokre historikarar vil stille spørsmål om det gamle politiske systemet eigentleg vart heilt knust, og om einskilde trekk av embetsmannsstaten bestod etter 1884. Samstundes vil andre meine at både Venstre og Høgre bidrog like mykje kvar til å byggje opp parti- og massedemokratiet i tida 1884–1905. Temaet fangar inn viktige sider ved demokrati og demokratisering i Noreg ca. 1814–1905.

Tema 3: Staten og sjølvstyret. Den geografiske aksen i det norske styringsverket etter 1814.

Ansvarlig: Yngve Flo

Korleis og i kva grad heng Noreg saman frå landsende til landsende, som stat og som politisk fellesskap? Denne problemstillinga står sentralt for temaet Staten og sjølvstyret, som dekkjer heile perioden frå Grunnlova av 1814 fram til våre eigne dagars kommune- og regionreform. Temaet tek føre seg utviklinga av det politiske og administrative apparatet på alle nivå, og teiknar på denne måten også ei langtidsline når det gjeld den geografiske eller territoriale aksen i det samla norske styringssystemet.

I historisk og statsvitskapleg litteratur vert det ofte understreka at det eksisterer og har eksistert grunnleggjande interessemotsetnader mellom menneske i ulike geografiske delar av landet: Nordmenn er i økonomisk, sosialt og kulturelt ulike kvarandre alt etter kvar ein høyrer heime, og tilhøvet mellom sentrum og periferi vert jamvel framstilt som ei av dei viktigaste konfliktlinene i norsk politisk historie. Men trass i (eller kanskje nettopp fordi) geografien har vore ei kjelde til politisk splitting, er geografien også ein nøkkel til å forstå dei organisatoriske føresetnadene for stats- og nasjonsbygginga, og for den stendig tettare integrasjonen mellom sentralmakt og lokalsamfunn.

Gjennom førelesingar og undervisningslitteratur vert studentane både kjende med den faktiske oppbygginga og verkemåten til dei viktigaste einingane innan det «geografiske funderte» styringsverket på ulike stadium av historia, og med den politiske og ideologiske striden som har gått føre seg når dette apparatet er blitt forma og reformert. Å få eit samla grep på «realhistoria» og «idéhistoria» er avgjerande for å forstå endringane. Den norske kommunalhistoria kan til dømes lesast som ei utvikling som dels har vore forma av kva kommunane og lokalsamfunna sjølve har prestert, dels av dei motstridande ambisjonar rikspolitikarar av ulik ideologisk støyping og med ulike strategiske behov har hatt på kommunens vegner opp gjennom tidene.Målet for temaet er at studentane skal evne å sjå samanhengar og identifisere langtidsliner i utviklinga av styringsverkets geografiske dimensjon gjennom 200 år, og dessutan vere i stand til å reflektere over grunnleggjande spørsmål knytt til dei viktigaste komponentane i dette apparatet.

Nokre døme: Kva er eigentleg ein kommune, og kva rolle har han spelt i nasjonsbygginga – og for å skape og utvikle felles identitetar i kvart einskild lokalsamfunn? Korleis kan vi forklare at oppgåvene på regionalt nivå er splitta opp mellom ein «statleg» fylkesmann og eit «sjølvstyrt» fylkeskommune? Kvifor vert det så mykje bråk når nokon freistar å endre på kommune- og fylkesgrenser? Og kva kan det ha seg at stortingssalen er utforma slik at dei folkevalde fysisk sit samla ut frå kva fylke, og ikkje ut frå kva parti dei representerer?

Tema 4: Miljøbevægelser, miljøaktivister og miljøsyn – fra Rachel Carson til Greta Thunberg

Ansvarlig: Asger Magne Birkkjær Hougaard

I 1962 udkom marinebiologen Rachel Carsons bog “Det tavse forår”, der var med til at sætte miljøproblemer på dagsordenen i USA og mange andre steder. I slutningen af 1960’erne og begyndelsen af 1970’erne skete en række begivenheder, der er blevet beskrevet som ʻden økologiske vending’ og ʻden økologiske revolution’. I mange lande opstod miljøbevægelser, og miljødebatter og miljøkampe fandt sted. I 1980’erne og 1990’erne kom bæredygtig udvikling på dagsordenen, og i 1995 blev den første af FN’s COP-klimakonferencer afholdt.

Miljøbevægelser har siden 1960’erne ikke optrådt som en homogen masse, men har taget mange forskellige former og behandlet forskellige temaer om alt fra kviksølvindholdet i fisk til arbejdsmiljø, social ulighed og global opvarmning. En stor del af miljøbevægelsernes arbejde har været af tværfaglig karakter, og bevægelserne har behandlet forskellige former for viden om både naturvidenskab og samfund.

Med nedslag i perioden fra slutningen af 1960’erne og frem til i dag vil vi sammen undersøge, hvordan miljøbevægelser og miljøaktivister har arbejdet. Vi vil blive klogere på, hvordan vi som historikere kan studere emner, der involverer miljøbevægelser, miljøaktivister og miljøsyn. På kurset vil vi blive præsenteret for forskellige perspektiver på miljøtematikker og undersøge forskellige bevægelser med forskellige mål. Hovedparten af de undersøgte bevægelser og aktivister vil være fra Skandinavien. Kursets tekster vil være på engelsk, dansk, svensk og norsk. Det anbefales, at den studerende anskaffer et eksemplar af Joachim Radkaus bog “The Age of Ecology”.

Tema 5: Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi

Ansvarlig: Ines Prodöhl

(Dette temaet er ikke tilgjengelig for HIS250L)

The course provides a basic overview over the European economy. It offers knowledge and evaluation on the economic development of Europe and its challenges until today. The course provides an overview over important processes which have led to Europe`s economy of today. The course focuses at the demographic and economic development in Europe after 1945.

Main points are:

  1. Economic growth and structural changes after World War II. This includes the use of human and technical resources as well as innovations
  2. Differences in the allocation of resources and reactions upon it, including changes in the amount of population.
  3. Globalization; unification after the collapse of socialism in Eastern Europe.

Tema 6: Midtøsten i romersk tid/The Middle East under Rome (undervisningsfritt)

Ansvarlig: Eivind Heldaas Seland

Midtøsten er navet som binder Europa, Asia og Afrika sammen. Gjennom historien har regionen trukket til seg blant annet handelsfolk, herskere og hellige kvinner og menn. Gjennom 700 år, fra første århundre før til 600-tallet etter vår tidsregning, lå regionen under romersk styre. Den romerske perioden utgjør faktisk den lengste med politisk kontinuitet og relativ stabilitet i regionens omskiftelige historie. I møtet mellom lokale kulturer og fremmede herskere endret begge seg gjennom prosesser med preg av både assimilering, motstand og gjensidig kulturpåvirkning. Grunnlaget ble lagt for utviklingstrekk som skulle få betydning helt fram mot vår egen tid. Sentrale eksempler er utviklingen av kristendommen og spredningen av jødedommen, etableringen av handelsnettverk mellom Asia og Middelhavsområdet, utbredelsen av gresk språk og bykultur, samt endringer i politiske systemer og herskerideologi. 

The Middle East is the hub connecting Europe, Asia and Africa. Throughout history the region has attracted, among others, merchants, rulers, holy men and women. For seven centuries, from the first century BCE until the seventh century CE, the region was under Roman rule, making this the longest period of political continuity and relative stability in the volatile history of the region. In the encounter between local populations and foreign rulers both parties changed through processes characterized by assimilation as well as resistance and mutual exchange. Through this the basis was provided for developments that would shape history until the modern period. Important examples include the development of Christianity and the spread of Judaism, the formation of trade networks between Asia and the Mediterranean, the diffusion of Greek language and urban culture as well as changing political systems and ideals.

Tema 7: Byens morfologi – bebyggelsesmønster, funksjon og identitet (undervisningsfritt)

Ansvalig: Geir Atle Ersland

Bysamfunn er blitt den dominerande leveforma over det meste av verda, og det urbane blir ofte sett opp som ein moderne kontrast til det tradisjonelle livet på landsbygda. Byar høyrer likevel til innanfor dei eldste organiserte samfunnsformasjonane, eller kulturane, vi kjenner.

Periodisering: I Europeisk historie kan vi dela inn urbaniseringa i fire hovudetappar. Det er antikken, då byar voks fram i Middelhavsområdet og blei eit vesentleg element i konstruksjonen av Det romerske riket. Den andre etappen omfattar perioden ca. 900 – 1300, då områda langs Austersjøen og i Norden fekk dei første byane. Byutviklinga her gjekk føre seg parallelt med danninga av større stabile politiske rikseingar og spreiinga av den kristne religionen. Ei ny bølgje av byvekst tok til omkring 1500, og var nært knytt til utviklinga av sterk statsmakt. Den industrielle revolusjonen i siste del av 1700-talet representerer den fjerde urbaniseringsperingsperioden.

Tema og problemstillingar: Studiet av byform eller morfologi, fokuserer på utviklinga av byanes fysiske struktur. Dei politiske, religiøse, sosiale og økonomiske funksjonane blir avspegla i bylandskapet. Monumentale bygningar som kyrkjer, rådhus og festningsverk frå byanes tidlege historie kan ofte lokaliserast i dagens bylandskap. Det same gjeld gateløp, passasjar og plassar. Bylandskap viser gjennomgåande stor stabilitet. Fordjupingsemnet vil ta opp tre tema, drøfta samanhengen mellom dei og dei historiske føresetnadane for utviklinga av bylandskapet.

  1. Bydanninga i Norden viser eit klart samanfall i tid med framvekst av rikskongemakt,religionsskifte og innordning under den vesteuropeiske kyrkjeorganisasjonen. Dette skjer i ein periode da bydanninga er eit vesentleg element i samfunnsutviklinga over det meste av Europa. Spørsmålet om korleis byane først blei til er eit sentralt  tema i byhistorieforskinga. Den tradisjonelle forklaringsmodellen, som hadde som utgangspremiss at byane kan delast i to kategoriar, planlagde og organisk framvaksne (sjølgrodde) byar, ser ut til å ha utspela si rolle. Nyare synspunkt prøver å kombinera bildet av ein byveksten styrt av strukturelle samfunnsendringar med innsatsen frå territorialherrar som grunnla byar ut i frå politiske og økonomiske interesser. 
  2. Grunn (tomt, latin: area, tysk: Grund eller engelsk: plot eller burgage) representerer byanes fysiske minsteeiningar. Desse kan sporast både i det eldste skriftlege materialet og er påviste arkeologisk. I regelen er desse einingane stabile med mindre dei blir øydelagde gjennom større reguleringsprosjekt, noko som blei vanleg frå om lag midten av 1800-talet. Råderetten over bygrunn har gjennom heile byhistoria vore avgjerande for utforminga av byane. Men råderettsformene har endra seg og dette kjem til syne ved å studere eigedomsdanninga, dvs. korleis rettane til grunn blir definerte juridisk. 
  3. På 1500-talet blei det forfatta byhistoriske verk for fleire byar. Tendensen i desse verka er patriotisk, og har mykje til felles med ei samtidig nasjonal historieskriving. Eit godt døme er kretsen av lærde i Bergen omkring 1550-70, ofte kalla bergenshumanistane. Her verka historieskrivarar som Absalon Pedersson, som forfatta Om Norigs Rige, men og den ukjente forfattaren til det byhistoriske verket Bergens fundas. Begge verka er typiske for europeisk historieskriving på 1500- og 1600-talet.

Tema 8: Trolldomsprosesser i Europa (undervisningsfritt)

Ansvarlig: Gunnar Winsnes Knutsen

De europeiske trolldomsprosessene i tidlig moderne tid førte til ca. 100.000 rettssaker mot person som ble anklaget for brudd på trolldomslovgivningen. Rundt 40.000 av disse ble henrettet. De vanligste anklagene var at disse menneskene på overnaturlig vis hadde gjort skade på mennesker, dyr og eiendeler, ofte av en slik art at de førte til tap av menneskeliv.

Slike mistanker var ikke nytt noe, og de ble heller ikke borte etter denne tiden. Det som derimot særmerker perioden er at rettssystemene i mange europeiske land begynte å ta denne typen anklager på alvor og avsi fellende dommer, før de etter en periode på ca. 150 år i hvert område igjen sluttet å ta dem på alvor. Et videre særtrekk ved perioden er at man utviklet en ny lære – demonologien – som forklarte hvorfor slike forbrytelser var mulige å begå, og at det var djevelen som sto bak. Denne læren spredte forestillingen om at trollfolkene ikke var selvstendige forbrytere, men deltakere i et stort diabolsk komplott der de handlet i fellesskap og kjente hverandre ettersom de sammen fløy gjennom luften til avskyelige fester der de tilba djevelen, spiste spedbarn, osv. i det vi i dag kjenner som heksesabbaten.

Hvordan kan vi forklare at man plutselig begynte å ta slike anklager på alvor, og deretter sluttet å gjøre det? Hvordan forklarer vi lokale særpreg og internasjonale likheter? Hvordan kan en rettssak som begynner med stygge ord og en død ku forandre seg til en fortelling og flyving gjennom luften, spedbarnsdrap, kannibalisme og seksuell omgang med djevelen?

Tema 9: Kjetteri og inkvisisjon (undervisningsfritt)

Ansvarlig: Gunnar Winsnes Knutsen

Inkvisisjon var Den katolske kirkes svar på kjetteri – vranglære – i middelalderen. I tidlig moderne tid ble inkvisisjonsdomstolene enda viktigere enn tidligere fordi den protestantiske reformasjonen førte til at det ble etablert konkurrerende kirkesamfunn i Vest Europa som drev propaganda og misjon mot katolske områder.

Det ble etablert inkvisisjonstribunaler i Spania, spansk Amerika, Italia, Malta, Portugal, og i det portugisiske imperiet i Asia – men ikke i Amerika. Disse domstolene var annerledes enn de i middelalderen: De var permanente tribunaler i en fast hierarkisk struktur og de hadde statsmaktens fulle tyngde bak seg. I Spania og Portugal var tribunalene nært forbundet med kongemakten og fungerte som politiske redskaper for sentralmakten. Den spanske inkvisisjonen ble grunnlagt i 1478, flere tiår før reformasjonen, og den ble avskaffet først 350 år senere.  En institusjon som overlever så lenge må vise stor tilpasningsevne men også stor verdi og nytte for myndighetene. Hva som gjorde inkvisisjonen så verdifull for herskerne er et av dette emnets temaer.

Over århundrene endret også sakstypene inkvisisjonsdomstolene beskjeftiget seg med fra kryptojøder og kryptomuslimer, til protestanter og senere idéene og idealene fra opplysningstiden og den franske revolusjon. Noen saker dreide seg om ting som også i dag er forbudt, slik som bigami. Andre saker som blasfemi, sodomi og trolldom ble i samtiden dømt i ordinære sekulære domstoler i protestantiske land. Slik blir også rettssakene et kikkhull ned i deler av folkekulturen som ikke har satt spor i andre kilder.

Selv om de forskjellige inkvisisjonstribunalene i Europa og i koloniene i utgangspunktet skulle håndheve et felles lovverk og hvilte på den samme pavelige autoriteten var forskjellene i praksis store. Forskjeller i geografi, politikk, kultur og befolkning – samt endring over tid – gjorde at det var store forskjeller i hvordan tribunalene faktiske fungerte og hva slags saker de behandlet.

Emnet tar for seg både inkvisisjonsdomstolene som undertrykkende apparater og forsøk på sosial, religiøs og kulturell kontroll, og hvordan vi kommer nær folkekulturen når deler av den ble utsatt for grundig etterforskning fra myndighetene. I tillegg kommer en av de domfelte selv til orde i Dellons selvbiografiske skildring av rettssaken mot ham i Den portugisiske inkvisisjonen, mens Ginzburgs klassiske skildring av Mennochio viser inkvisitorenes forsøk på å forstå en italiensk bondes verdensbilde.

Tema 10: Kvinne- og kjønnshistorie

Ansvarlig: Inger Elisabeth Haavet

Kjønn er et grunnleggende trekk ved menneskelig og samfunnsmessig virksomhet. I dette emnet fokuseres det på kjønnskategoriens betydning i historien fra 1800-tallet til vår egen tid. Det kjønnshistoriske perspektivet har vært en viktig side ved historiefaget siden 1970-tallet, og emnet vil derfor også legge stor vekt på fagfeltets egen historie så vel som på de emner kvinne- og kjønnshistorikere har vært opptatt av. Kjønn utspiller seg både i det private hverdagslivet og på de store samfunnsarenaer. Arbeidsroller, makt og representasjon for kvinner og menn har variert gjennom historien. Hvordan har denne variasjonen blitt formet, vedlikeholdt eller forandret? Hvilke forbindelseslinjer kan vi se mellom det lille samfunnet; forholdene i familien, og det store samfunnet der offentlige beslutninger ble debattert, tatt og iverksatt? Ikke minst, hvordan har synet på disse forandringene og forholdene endret seg i kvinne- og kjønnshistorisk forskning?

Et sentralt temafelt er de kjønnspolitiske bevegelser i den vestlige verden i tiden fra den franske revolusjonen til dagens kjønnspolitiske debatter. Emnet vil fokusere på kjønnspolitisk aktivisme der aktørene og deres manifest synliggjøres og diskuteres. Kjønnspolitiske bevegelser har i stor grad vært forstått som feministiske bevegelser, og disse vil ha en stor, men ikke enerådende, plass i studiet. Her vil det fokuseres særlig på tre epoker: revolusjonstiden på slutten av 1700-tallet og følgene av denne på 1800-tallet, den liberale emansipasjonsbevegelsen i tiårene rundt 1900-tallet og den moderne kvinnebevegelsen fra omkring 1970. De feministiske bevegelsene var ikke bare kvinnebevegelser. Menn var til stede i debatter og kamper som støttende, supplerende eller opponerende parter. Sentrale tema i de kjønnspolitiske bevegelsene har vært kamp for like rettigheter for menn og kvinner på felt som politikk og medborgerskap, økonomi og arbeidsliv, seksualitet, reproduksjon og familielivet og i kulturlivet.