Hjem
Historie
Nyhet

Innvandringskontinentet Europa

Emne i historie set fokus på migrasjon til Europa etter 1945.

Demonstrasjonstog med raudt banner der det står noko på fransk om immigrasjon
Papirlause innvandrarar og støttespelarar demonsterer i Paris i april 2008.
Foto/ill.:
flickr/ Philippe Leroyer

Hovedinnhold

– Innvandring har blitt eit svært omdiskutert tema i europeisk politikk, noko den aktuelle framveksten av innvandringsskeptiske parti og rørsler i land som Sverige, Tyskland og Storbritannia viser. Det er difor viktig å sjå tilbake på korleis Europa vart eit innvandringskontinent etter andre verdskrig, fortel Christhard Hoffmann, professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).

Hoffmann er våren 2015 ansvarleg for historieemnet HIS116 som skal ta føre seg migrasjon til Europa etter 1945. Han understreker at temaet ikkje skal bli sett på isolert, men som ein del av den økonomiske, politisk, sosiale og kulturelle utviklinga i Europa etter krigen.

– I den ofte polariserte debatten om innvandring og integrering i dag blir innvandringshistoria ofte brukt anten som ei skrekkhistorie eller som ei ynskeforteljing, men historia er både meir komplisert og interessant enn slike klisjear.

HIS116 er spesielt for studentar i historie, samfunnsvitskap og europastudium, men òg for andre som ynskjer å forstå korleis innvandring til vesteuropeiske land har utvikla seg sidan slutten på andre verdskrig og fram til i dag. Emnet fokuserer på Storbritannia, Frankrike, (Vest-)Tyskland og Sverige.


– Desse landa har ulike erfaringar med innvandring og har utvikla ulike tradisjonar for innvandrings- og integreringspolitikk, noko som opnar for interessant samanlikningar. Innvandringshistoria til desse landa er i tillegg den som er best dekka i engelskspråkleg pensumlitteratur.

 

Migrantrøyster på pensum

Hoffmann set fokus på migrantane sjølve og deira perspektiv, noko som systematisk blir innarbeidd i emnet.

– Eg trur det er viktig at migrantane sjølv blir sett på som aktørar med eiga stemma og erfaring og at migrasjon ikkje berre blir analysert på makroplan med statistikk og generelle økonomiske og politiske strukturar og so vidare. Makrohistoria må bli fylt ut med lokalhistoriske og biografiske perspektivar, avsluttar Hoffmann.