Tilfredse studentar på japansk
Bachelorprogrammet i japansk skårar høgare enn gjennomsnittet i alle kategoriar – bortsett frå yrkesrelevans.

Hovedinnhold
Hausten 2017 vart ei nasjonal undersøking kalla «Studiebarometeret» - som målar korleis studentane oppfattar studiekvaliteten på eige program – atter ein gong gjennomført. Blant programma som vart vurdert, utmerker bachelorprogrammet i japansk seg med jamt over gode tilbakemeldingar frå studentane.
Ulike parameter
I undersøkinga får studentane spørsmål knytt til åtte parametrar: læringsmiljø, medverknad, inspirasjon, yrkesrelevans, undervisning, forventningar, organisering og heilskapsvurdering. Blant desse skårar japansk betre enn gjennomsnittet for alle språkutdanningar ved norske universitet og høgskular på nesten alle saman – det einaste unntaket er «yrkesrelevans».
Obligatorisk utveksling
Bachelorprogrammet i japansk er spesielt på fleire måtar. Mellom anna er det eit av særs få program som har gjort det obligatorisk å vere eit heilt år på utveksling for å oppnå ei grad. I Studiebarometeret svarar studentane at dei i stor grad vert oppmuntra til å dra på utveksling, at utvekslinga er fagleg relevant og at dei har konkrete planar om å reise på utveksling.
Få ressursar
Ein annan ting som òg er litt spesielt med japanskfaget, er at det berre et to fast vitskapelege tilsette som driv faget per no. Samstundes er japansk eit undervisningsintensivt fag, som krev mykje oppfølging og kontinuerleg studering og arbeid frå studentane. Trass i at dei faglege ressursane er sparsame, kjem det fram frå Studiebarometeret at studentane i all hovudsak er nøgde med undervisninga, og på nokre parametrar - mellom anna «dei fagleges evne til å gjere undervisninga engasjerande» og «deira evne til å gjere stoff forståeleg» - er studentane i nærleiken av «svært nøgde», som er det høgaste trinnet på skalaen.
Til dei gode resultata seier fagkoordinator og professor i japansk, Harry Solvang, følgjande:
- Målet vårt er å skape eit bachelorprogram kor studentane opplever faglege utfordringar i eit inspirerande og trygt læringsmiljø. Det er difor oppmuntrande at studentane gir gode tilbakemeldingar på nettopp slike storleikar. Me vil fortsatt insistere på at nøkkelen til å legge til rette for fagleg vekst er å stille klare krav til studentane, at dei møter engasjerte lærarar og ikkje minst at studentane får regelmessig og tett oppfølging.
Liten yrkesrelevans?
Frå Studiebarometeret kjem det tydeleg fram at det japanskstudentane er minst tilfredse med er yrkesrelevans. Sjølv om studentane på språkutdanningar jamt over er mindre tilfredse på dette området ligg japansk endå eit lite hakk under gjennomsnittet for språkutdanningar. Harry Solvang har følgjande kommentar på dette resultatet:
- Det er ikkje uventa at japansk skårar noko lågare enn gjennomsnittet for andre språkutdanningar med omsyn til yrkesrelevans. Den litle forskjellen me registrerer, er faktisk ikkje eit dårleg resultat. Me må hugse at "Andre språkutdanningar" omfattar fag som tysk, fransk, engelsk og spansk, som i stor grad har yrkesrelevans fordi dei er tradisjonelle skulefag i både grunn- og videregåande skule. Dette gjeld som kjend ikkje for japansk.