Hjem

Musikkvitenskap

Musikkvitskap ved Griegakademiet – institutt for musikk er definert som studiet av musikk og lyduttrykk i vid tyding, utan avgrensingar når det gjeld sjanger, repertoar, historisk epoke, geografi, eller den sosiale posisjonen til dei som produserer eller konsumerer musikken.

For mer informasjon om studiet, kontakt studieveileder@grieg.uib.no

Informasjon om opptak til studiet. Søknadsfrist 15. april

 

Eit tverrfagleg studieområde
Vi ser musikkvitskap som eit tverrfagleg studieområde som inkluderer humanistiske og samfunnsvitskaplege metodar, inkludert historiske og etnografiske studiar. Slik definert, omfattar musikkvitskapen ei rekke forskingsområde som musikkhistorie, etnomusikologi, musikksosiologi, medievitskap og populærmusikkstudier. Å forstå musikk og lyd ved hjelp perspektiv henta frå nyare kultur- samfunnsteori mogleggjer ei dekking av alle desse områda.

Arne Bjørndals Samling
Arne Bjørndals Samlinger er ei folkemusikksamling som er open for publikum, og særleg fokuserer på musikk frå Vest-Norge. Samlinga arbeider med innsamling, arkivering, forsking og formidling. Tilsette ved samlinga deltek i forsking og undervising i etnomusikologi ved instituttet.

Samarbeid
Instituttet er samarbeidspartnar i Senter for Griegforsking  som fremjar forsking relatert til Edvard Grieg og musikklivet på Vestlandet. Senteret medverkar i undervisinga og forskinga ved instituttet, og er vertskap for Ph.D.-studentar innan aktuelle emne.

 

Ph.D.-kandidatar ved Humanistisk fakultet ved UiB kan utføra musikkvitskapleg forsking med utgangspunkt i Griegakademiet – institutt for musikk.

Dei fast tilsette i musikkvitskap har særleg ekspertise innan etnomusikologi, populærmusikkstudier, musikksosiologi, norsk/skandinavisk folkemusikk, samt både etnografiske og historiske forskingsmetodar.