Hjem
Norrøn filologi

Arbeidsmateriell

Her finn du eit bøyingsskjema for norrønt, råd om korleis Norrøn ordbok skal brukast, merknader til eit par norrøne tekstar og eit oversyn over sentrale ord i norrønt.

Hovedinnhold

Bøyingsskjema. Dette er ei kortfatta framstilling av korleis substantiv, verb, adjektiv og pronomen blir bøygde i norrønt. Den kan vere nyttig å ha når ein arbeider med tekstane og når ein skal repetere grammatikken.

Bøyingsskjema (6 sider) PDF

Bruk av ordbok. Norrøn ordbok er sparsam med opplysningar om korleis ord blir bøygde. Det står berre opplysningar i formparentesen når orda høyrer til dei små bøyingsklassene. Det vil seie at dersom det ikkje står nokon formparentes i ordboka, høyrer ordet heime i ei av dei større klassene.

Bruk av Norrøn ordbok (3 sider) PDF

Merknader. Her er eit lite hefte med merknader til tekstpensum i norrønt for NOSP 103, dvs. Óláfs saga Tryggvasonar kap. 48 og 49, og heile Margrétar saga. Dette heftet inneheld også eit litt fyldigare kapittel om bruk av Norrøn ordbok enn det som står ovanfor.

Merknader til tekstpensum i NOSP 103 (25 sider) PDF

Semantiske felt. Kva for ord brukte ein i norrønt for emne som familie, yrke, kropp, venskap, kjærleik, krig, landskap, samferdsle m.m.? Her finn du eit oversyn organisert etter semantiske felt. Lista fortel kva for bøyingsklasse orda høyrer heime i, så du kan bruke henne til å øve deg på formverket i norrønt.

Semantiske felt i norrønt (14 sider) PDF