Hjem
Religionsvitenskap
Norrøne religionar

Temaomtale RELV241/RELV341

Norrøne religionar (Dette kurset tilbys vårsemestrene 2022 og 2023)

Jellhaugen, gravhaug i Halden frå 400- eller 500-talet. Nord for gravhaugen fant arkeologar i 2018 eit gravskip som har blitt datert til mellom seint 700-tal og tidleg 900-tal. Foto/ill. Tore Schrøder CC BY 3.0 (utsnitt).
Foto/ill.:
Jellhaugen, gravhaug i Halden frå 400- eller 500-talet. Nord for gravhaugen fant arkeologar i 2018 eit gravskip som har blitt datert til mellom seint 700-tal og tidleg 900-tal. Foto/ill. Tore Schrøder CC BY 3.0 (utsnitt).

Hovedinnhold

Kurset i norrøne religionar gjev våren 2022 ei brei innføring i dei roller som forteljingar om og handlingar relatert til ulike usynlege makter hadde i vikingtida, ikkje berre i Norden, men også i dei område som blei kolonisert og besøkt derifrå, både i vest- og i austerveg. Den første delen gjev ei oversikt over kva vi kan vite (og kva vi ikkje kan vite) om dei norrøne samfunna. Mot bakgrunn av ein kritisk diskusjon av kor brukeleg omgrepet «religion» er i studiet av vikingtida blir m.a. overgangs-, kalender- og kriseritual og deretter forteljingar om ulike usynlege makter teke opp. Som pensum brukar vi og diskuterer både innleiinga og den første delen i Snorri Sturluson si lærebok for unge skaldar frå 1220-talet, arkeologen Neil Price si innføringsbok frå 2020 og to religionshistoriske oversiktsartiklar. Kurset tek omsyn til nye forskingsresultat innafor arkeologi, namnegransking, religionshistorie og språkvitskap.

Den andre delen blir konsentrert om to tema, (1) «Frøya og Tor i norrøne ritual og forteljingar», og (2) «Å ta og gje gissel som rituell handling». Her består pensum av tre monografiar og dessutan fire sentrale eddadikt i norsk og engelsk omsetjing.

Forelesingane blir på svensk, men PowerPoint-presentasjonar og forelesingsnotat på norsk. Litteraturen er på dansk, engelsk og norsk.