Velkomen til RELV100
Religionsvitskap ynskjer nye studentar velkomne til eit nytt førstesemesteremne i kort introduksjonsfilm.
Hovedinnhold
Emnet RELV100 – Religion, kultur og samfunn hadde oppstart for første gong hausten 2015. Det er eitt av fire nye førstesemestersemne ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), der studentane skal møte faget sitt allereie i første semester.
I samband med dette har fagmiljøet i religionsvitskap spelt inn ein introduksjonsfilm for emnet der emneansvarleg Dag Øistein Endsjø ynskjer dei nye studentane velkomne.
– I emnet blir studentane kjende med korleis religion fungerer utanfor dei meir tradisjonelle rammene. Vi ser spesielt på religion i sammenheng med populærkultur, politikk, undervising og sex og kjønn. Dei blir ganske enkelt betre kjende med dei sammenhengane der religion er mest utbreidd i dagens samfunn, fortel Endsjø.
Filmen er produsert av Dragefjellet lærings- og formidlingssenter.