Hjem
Russisk
Nyhet

Besøk av Irina Khrunova frå Agora

Irina Khrunova frå Agora fortel om sine erfaringar som advokat i russiske rettssaker.

Irina Khrunova (venstre) og Katerina frå Amnesty
Irina Khrunova (venstre) fortel. Katerina frå Amnesty tolkar.

Hovedinnhold

Fredag 31. oktober arrangerte Russisk fagutval i samband med Raftostiftelsen og jussgruppa i Amnesty student Bergen eit foredrag med Irina Khrunova frå organisasjonen Agora som mottok Raftoprisen for 2014. Khrunova møtte studentane for å fortelja om sine erfaringar med å arbeida i det russiske rettsvesenet. 

Straffeforfylginga av Pussy Riot har vekt stor merksemd i Europa, og Irina er ei av dei som har følgt saka tettare enn andre, ettersom ho var forsvarar til dei tre jentene i Pussy Riot som vart pågripne i 2012. I rettssaka klarte ho å få Jekaterina Samutsevitsj sin dom omgjort til betinga dom, og ho sørgde for å betra soningsvilkåra for dei to jentene som vart sende i fengsel. Organsiasjonen Agora arbeider langsiktig med å gjera det russiske rettsvesenet meir rettvist.

Les meir om Agora og Raftoprisen 2014 her