Hjem
Mohn kreftforskningslaboratorium
Metode

Translasjonell kreftforskning

Mohn Kreftforskningslaboratorium er bygd for translasjonell kreftforsking. Prosjekta det vert jobba med ligg i skjæringspunktet mellom basal- / molekylærbiologiske og kliniske studiar.

Hovudproblemstillingane det vert jobba med i Mohn Kreftforskningslaboratorium , er identifisering av genetiske- og molekylære mekanismar som påverkar risiko for ulike typar kreft, samt mekanismar som påverkar behandlingseffekt i pasientar med påvist kreftsjukdom.

Mohn Kreftforskningslaboratorium ligg i etasje 1M i den nye Laboratorieblokka ved Haukeland Universitetssjukehus. Her har forskarane flotte fasilitetar med ein ny og moderne instrumentpark, og med tillegg av arealet ved Seksjon for Onkologi i 6. etg. i same bygg, har vi no totalt 500 kvadratmeter via til translasjonell kreftforsking.

Gjennom dei snart åtte åra laboratoriet har vore i drift har aktiviteten stadig auka, og nye instrument, inkludert ei MiSeq maskin for massiv parallell sekvensering , er kjøpt inn. Ved hjelp av desse nettsidene ynskjer vi å formidle praktisk informasjon om tilsette og fasilitetar så vel som viktige og nye forskingsresultat.​​