Hjem
Mohn kreftforskningslaboratorium
Utstyr

Teknologi

Ved Mohn Kreftforskingslaboratorium gjer ein genanalysar og epigenetiske analysar av pasientmateriale som blod- og vevsprøver ved hjelp av eit breitt spekter av avanserte molekylærbiologiske metodar.


Slike «screening-analysar» vert utførte vha. metodar som PCR med påfølgande Sanger sekvensering, målretta djupsekvensering ved bruk av MiSeq, kvantitativ PCR (real-time PCR), bisulfitt-modifisering av DNA med påfølgande metyleringsspesifikke analysar, MLPA, Fluorescens in situ hybridisering (FISH), immunhistokjemi utført på tissue microarray (TMA). Alle funn vert relaterte til oppdaterte kliniske databasar.

I tillegg til analysane direkte på pasientmateriale, er det utstrakt bruk av cellekulturar som modellsystem. Cellekulturar vert i hovudsak nytta for funksjonelle studiar (studiar av kva for effektar ulike genvariantar, som er funne i pasientar, har på ei celle).

Blant teknologiane som vert nytta i cellekulturforsøk er overuttrykking av genvariantar vha. transfeksjon med ekspresjonsplasmid, «knock-down» av genekspresjon vha siRNA, behandling med ulike typar cytostatika osb. Blant teknologiane som vert nytta for overvaking / måling av effekt av ulike genvariantar / behandlingar i cellekulturar er «real-time» celleovervaking (ECIS), Apoptose-, senescence- og cellesyklusanalysar, proteininteraksjonsstudiar (co-immunpresipitering og liknande.) og enzymaktivitets-assays. Eit godt hjelpemiddel i dette arbeidet er ei maskin kalla Nucleo Counter®  NC-3000™ som kan detektere fluorescens i enkeltceller.