Hjem
Mohn kreftforskningslaboratorium

Pasientinformasjon

Mohn Kreftforsknings laboratorium for translasjonell kreftforskning vart offisiellt opna 21. desember 2009. Laboratoriet ligg i etasje 1M i den nye Laboratorieblokka ved Haukeland Universitetssykehus. Her har forskarane tilgang til eit flott laboratorium med ein ny og moderne instrumentpark nært knytt til dei kliniske avdelingane på sjukehuset.

Den nære kontakten med sjukehuset lettar samarbeidet med avdelingane der pasientane får behandling, og der dei kliniske studiane går føre seg. Det vil bidra til at kunnskapen ein tilegnar seg i forskningslaboratoria raskare kjem til nytte for pasientane og dei som arbeider med pasientbehandling i sjukehusa.

Ved Mohn Kreftforskningslaboratorium driv forskarane med translasjonell kreftforskning. Dette inneber at klinisk kreftforskning der pasientane for eksempel prøver ut nye behandlingsopplegg og stiller opp for ekstra prøvetaking ved sjukehuset bidrar til laboratorieforskninga og vise versa.  

Forskarane ved Mohn Kreftforskningslaboratorium jobbar blant anna for å identifisere mekanismar for korleis kreft oppstår og utviklar seg og for å forklare kvifor enkelte kreftsvulstar vert motstandsdyktige mot behandling. Ein forsøker å kartlegge arvelege faktorar som kan gje auka risiko for kreft. Medfødde genetiske endringar kan bidra til at ein sjukdom kan arte seg ulikt hos ulike pasientar, og at dei får ulik effekt- eller sideverknadar av ei gitt behandling. Forskarane i laboratoriet ser på hormonar og påverknad av desse ved behandling av kreftsjukdom.

Dei nevnte problemstillingane er aktuelle i fleire ulike kreftsjukdomar og ved Mohn Kreftforsknings laboratorium vert forskninga blant anna utført innan brystkreft, underlivskreft, tarmkreft, testikkelkreft, føflekk kreft og prostatakreft.

Analysene i laboratoriet vert enten gjort på vevsprøver eller blodprøver frå pasientar som har samtykka til dette eller ved bruk av cellekulturar der ein kan teste korleis dei ulike genetiske endringane faktisk påverkar levande celler.

Det overordna målet er auka kunnskap om kreftsjukdomen sin biologi som igjen kan medføre betre og meir skreddarsydd behandling til den enkelte pasient.