Hjem
Mohn kreftforskningslaboratorium
NYHET │ FORSKNING

BRCA1-metylering gir kreftrisiko

En ny studie publisert i JAMA Oncology (September 2022) viser at BRCA1-metylering i fosterlivet gir økt kreftrisiko i voksen alder.

Figur som viser metylering i foster, barn og voksne
BRCA1-metylering som oppstår i fosterlivet gir kreftrisiko som voksen.
Foto/ill.:
Illustration: Stian Knappskog/BioRender.com

Hovedinnhold

BRCA1 er genet som oftast har endringar i familiar med arvelig bryst- eller eggstokkreft. I ei studie, nylig publisert i JAMA Oncology (http://doi.org/10.1001/jamaoncol.2022.3846), fann vi at epigenetisk inaktivering av dette genet i friskt vev er ein risikofaktor for trippel-negativ brystkreft (TNBC) og høggradig serøs eggstokkreft (HGSOC). Dette er to aggressive typar kreft med alvorlige prognoser.

I studien fann vi at kvinner med metylering i mosaikk (metylering i nokon få celler innimellom andre) har om lag 2,5 gongar auka risiko for TNBC og om lag 1,8 gongar auka risiko for HGSOC.  

Desse funna har stor betydning for vår forståelse for korleis ein stor andel av slike tumorar oppstår. 
Tidligare har vi sett mosaikk-metylering av BRCA1 i navlestrengsblod frå nyfødte (https://www.acpjournals.org/doi/epdf/10.7326/M17-0101), noko som indikerer at metyleringa oppstår før fødsel.

I den nye studien, som vart gjennomført i samarbeid med det amerikanske Women’s Health Initiative, fann vi at BRCA1-metylering i blod som var tatt mange år før kreftdiagnose var sterkt assosiert med kreft seinare i livet. For første gong har vi dermed vist at slik metylering er ein kreftrisikofaktor.