Hjem
Fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk
Nyhet

The Norwegian student introductory week: who takes part, and is participation associated with better social integration and satisfaction among students?

I artikkelen fann me at dei som deltek i fadderveka som nye studentar er betre sosialt integrerte og meir nøgde med studiesituasjonen enn andre studentar.

alcohol

Hovedinnhold

Vidare fann me at studentar som er unge og single og har flytta til studiebyen deltek mest. Studentar som ikkje drikk alkohol deltek i liten grad. Slik sett kan det sjå ut om om arrangementet står i fare for å verka eksluderande for studentar som ikkje kan eller vil drikka alkohol. Samtidig viser me at studentar som ikkje drikk men likevel deltek er meir integrerte enn andre som ikkje drikk. Dette kan tyda på at det er viktig å inkludera også studentar som ikkje drikk i arrangementet.

Studien er basert på kryss-seksjonelle data, og me veit ikkje om studentar som deltek er betre integrerte fordi arrangementet fører til betre integrering, eller om samanhengen oppstår fordi meir sosiale studentar deltek meir.