Hjem
Fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk
Nyheter

Physical activity is independently associated with reduced mortality: 15-years follow-up of the Hordaland Health Study (HUSK)

Ei ny studie frå UiB viser at Hordalendingar som er fysisk aktive har lågare risiko for å døy enn andre – og at det faktisk ikkje er så mykje som skal til!

old man walking.
Foto/ill.:
CC0 Public Domain

Hovedinnhold

Studien er skrive av Øyvind Kopperstad, Jens Christoffer Skogen, Børge Sivertsen, Grethe S. Tell og Solbjørg Makalani Myrtveit Sæther, og er basert på data frå Helseundersøkelsen i Hordaland (HUSK) og det norske dødsårsaksregisteret. Me fulgte over 20 000 Hordalendingar frå dei deltok i HUSK i 1997-1999, til dei døydde eller til slutten av studien (31. Desember 2012).

Me fann at individ som er fysisk aktive har 22% lågare risiko for å døy av hjarte-kar-sjukdom enn andre, og 55% lågare riskio for å døy av respiratoriske lidingar. Særleg blant eldre deltakarar, dei som var 70 til 74 år då dei deltok i HUSK, var fysisk aktivitet viktig for risikoen for å døy. Også eldre som ikkje trente regelmessig med høg intensitet, men som likevel var fysisk aktive i minst ein time i veka, hadde vesentleg lagåre risiko for å døy.