Hjem
Geokjemi & Geobiologi

Ultrasakte spreiingsryggar

Danninga og deira evolusjon

Havbotnskorpa dekker tilnærma 70% av flata på vår planet, men den er likevel lite utforska. Utvikling innanfor havbotnteknologi, slik som nye sonar system for kartlegging og «remotely operated vehicles» (ROV) som har moglegheit til å samle inn prøvar på 3000 m djup, gjer det no mogleg å studera prosessane som er årsaka til danninga av havbotnskorpe ved midthavryggar.

I vår forskingsgruppe spesialiserer me oss på ultrasakte (spreiingsrate under 20 mm/år) ved dei arktiske midthavryggane i Norske-Grønlandshavet. Spreiingsryggsystemet i Arktis består av fleire midthavsryggar med ulik grad av vulkansk aktivitet, noko som gjer det mogleg å studera samspelet mellom vulkansime og tektonisk aktivitet.

For å oppnå dette brukar me detaljerte kart generert av autonome undervann fartøy (AUV) og analysar av basalt samla inn ved bruk av ROV. Dette gjer me for å undersøkje alder, hovud- og sporelement geokjemi og forholdet mellom radiogene isotopar, og dette arbeidet vært utført ved Bergen Geoanalytiske Facility.

Forskinga vært utført under Arbeidspakke 1 under K.G. Jebsen-senter for Dyphavsforskning, «Skorpedannelse ved ultralave spredningshastigheter».