Hjem
Geokjemi & Geobiologi

Hydrotermale felt i Arktis

Overvaking og prøvetaking av hydrotermale felt i Arktis

Geotermale felt på havbotn vart fyrst oppdaga på slutten av 1970-talet, og omtrent 600 felt har blitt oppdaga i etterkant. Tidligare arbeid utført av vår forskingsgruppe har vist at hydrotermal aktivitet ved ultrasakte spreiingsryggar er meir vanleg en fyrst antatt, og fira aktive hydrotermale felt har blitt identifisert i Norske-Grønlandshavet til no.

Vår forskingsgruppe fokuserer på overvaking og prøvetaking av hydrotermale felt i Arktiske spreiingsryggar for å forstå mangfaldet og funksjonen av hydrotermale felt ved ultralav spreiingshastighet (spreiingsrate under 20 mm/år). Me utfører overvaking over seismisk aktivitet og væsketemperaturar over eit lengre tidsrom for betre å kunne forstå undergrunnsprosessar og å avgrense væskefluksar. I tillegg prøvetar me hydrotermale væsker ved bruk av isobariske gasstette prøvetakarar og analyserar deira geokjemi om bord på forskingsfartøy og laboratorium på land ved Bergen Geoanalytical Facility. 

Forskinga vært utført under Arbeidspakke 2 under K.G. Jebsen-senter for Dyphavsforskning «Diversitet og funksjon i hydrotermale systemer».